Gamle Hvam Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°6′7″ N 11°23′2″ E

Storgarden Gamle Hvam.
Foto: Lars Biørn-Hansen
Svalgangsbygningen frå 1728.
Svalgangen.
Fjøset.
Løa.

Gamle Hvam MuseumTomteråsen i Nes kommuneRomerike i Viken fylke er eit friluftsmuseum skipa i 1915, som no inngår som ei avdeling i Akershusmuseet. Museet er ein gamal storgard der husa framleis står på dei opphavlege stadane på tunet, og dessutan høyrer ein husmannsplass, ei tømmerkoie og ei seter med tre bygningar med til museet. Til saman er det 21 antikvariske bygningar på museet, seks av dei er freda og dei andre er verneverdige. Bygningar og samlingar er eigd av Akershus fylkeskommune.

Museet har som hovudarbeidsområde å dokumentere landbruks-, handverks- og hagehistorie. I hagen er det om lag 250 historiske staudar og hageplanter.

Korleis ein storbondefamilie budde for eit par hundre år sidan kan publikum få sjå i eit stort hus frå 1729 med svalgang. I hovudbygningen frå 1820 står finstova møblert med møblement frå andre halvdelen av 1800-talet. I steinfjøset og løa er det samlingar av gamle køyredoningar og landbruksmaskiner. I tillegg er her reiskap og utstyr for hjulmakar, smed, skreddar, skomakar, salmakar, vulkanisør, pølsemakar, båtbyggar, urmakar, veterinær og ei lokalavis. Den store gjødselkjellaren hyser utstillingar om okkupasjonstida 1940-1945 og om moderne landbrukshistorie.

Om sommaren er det dyr på tunet, mellom anna høns, grisar, sauer og kaninar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Tom Jøran Bauer. 2009. Gamle Hvam : storgård og museum. Oslo: Akademisk publisering. ISBN 978-82-8152-028-8