Hopp til innhald

Gamlebyen i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamlebyen i Oslo
område
Land  Noreg
Kart
Gamlebyen i Oslo
59°54′20″N 10°46′06″E / 59.90555556°N 10.76833333°E / 59.90555556; 10.76833333
Kart frå 1900 over Gamlebyen. Den stipla grenselina markerer bygrensa til Kristiania frå 1878.
Kart frå 1900 over Gamlebyen. Den stipla grenselina markerer bygrensa til Kristiania frå 1878.
Kart frå 1900 over Gamlebyen. Den stipla grenselina markerer bygrensa til Kristiania frå 1878.
Wikimedia Commons: Gamlebyen, Oslo

Gamlebyen er eit bystrok inst og aust for Bjørvika i Oslo, i den administrative bydelen Gamle Oslo. Gamlebyen ligg mellom stroka Grønland, Galgeberg og Kværner, og litt oppetter nord- og vesthellinga på Ekebergåsen.

Gamlebyen er det eldste byområdet innanfor notidas byområde, men er i dag ikkje mykje prega av gamal tid. Området er tettbygd, med bustadblokker frå 1800-talet og seinare tid, gamle industribygningar som vert rivne og erstatta med bustadbygningar, og store areal til jarnbane, mellom anna eit større område i Lodalen i samband med Oslo Sentralstasjon for vedlikehald, reparasjon og oppsetjing av persontog. Fram til Kristiania fekk namnet Oslo, vart Gamlebyen kalla Oslo.

I mellomalderen låg det opphavlege Oslo i det som no er Gamlebyen, men vart flytt over til andre sida av Bjørvika etter ein storbrann og kalla Christiania. Fleire låge ruinar etter bygningar i stein og tegl frå det opphavlege Oslo, særleg etter kyrkjer, ligg framme i dagen, og under overflata ligg det mykje leivningar, såkalla kulturlag, etter bustadar og ymse menneskeleg aktivitet i gamal tid. Slike ruinar er mellom anna teke vare på i den såkalla Middelalderparken, der den gamle strandlina mot Bjørvika er rekonstruert i form av ein avlang dam. Mykje er grave ut og arkeologisk granska, mellom anna kyrkjegardar, men mykje ligg att. Det er rekna med at det var etablert ein slags bystruktur her ikring år 1000, og dette gav grunnlaget for å feire tusenårsjubileum for Oslo som by i år 2000, femti år etter at byen hadde feira 900-årsjubileet. Men det er skilde meiningar om denne såkalla bystrukturen stettar dei krava ein kan sette til ein tettbygd stad for å kunne kalla han ein mellomalderby.