Gammalsvenskby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrkja i Gammalsvenskby
Gammalsvenskby i Ukraina.

Gammalsvenskby er ein del av landsbyen Zmijivka (ukrainsk Зміївка) i Khersonska oblast i Ukraina med svensk kulturarv. Lenge budde det fordrivne estlandssvenskar i Gammalsvenskby.

Frå Dagö i Estland[endre | endre wikiteksten]

På øya Hiiumaa i Estland, eller Dagö, som øya heiter på svensk, hadde det frå 12-1300-talet budd svenskar. I 1781 tvinga Katarina II dei svensktalande øybuarane til å dra frå Hiiumaa, og ho gav dei lovnad på nytt land sør i Ukraina, ved elva Dnjepr. 1 200 personar byrja så ein dødsmarsj som berre 300 personar kom til å overleve. Året etter kom dei resterande til den nye heimbygda si. Her dyrka dei jorda, og langsamt voks talet på svensktalande, til det nådde eit maksimum på om lag 900 tidleg på 1900-talet. Tyskarane gav byen namnet «Altschwedendorf» – Gammalsvenskby. Svenskbybuarane heldt på den svenske dialekta si, si lutherske tru og sine svenske sedar og skikkar.

Nye evakueringar[endre | endre wikiteksten]

Etter den russiske revolusjonen vart det sett i gang arbeid for å hente svenskbybuarane heim til Sverige. 1. august 1929 kom om lag 900 svenskar till Sverige. Dei fleste vart verande i Sverige, nokre fór vidare til Canada. Men om lag 250 personar vende etter nokre år attende til den gamle heimbyen sin i Ukraina. På byrjinga av 1930-åra vart dei råka av utreinskingane hans Stalin, og mange vart fengsla eller forviste til Sibir. Under andre verdskrigen vart dei tyske troppane helsa som frigjerarar, og då russarane kom attende, vart dei straffa på nytt.

Gammalsvenskby i dag[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1980-åra kom perestrojkaen og glasnost i Sovjetunionen. Det vart råd å ta opp att kontakten mellom Sverige og dei isolerte svenskane i Ukraina. Den raserte svenske kyrkja i byen vart atteroppbygd av den ortodokse kyrkja i Ukraina, og det vert på nytt feira messer på svensk i kyrkja.

Den Svenska kyrkan og Gotland kommune har gjeve noko økonomisk støtte til byen, og i 1994 etablerte Chumak, eit svensk selskap som produserer olje, ketsjup og hermetikkmat, seg i nabobyen Kakhovka. I dag har landsbyen mellom 150 og 200 innbyggjarar med ein svensk kulturarv. Berre nokre få av dei snakkar den svenske dialekta flytande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]