Gangtok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 27°19′50″N 88°37′0″E

Gangtok
སྒང་ཐོག་
by
Gangtok sett frå Ganesh Tok.
Land  India
Delstat Sikkim
Distrikt East Sikkim
Høgd 1 600 moh.
Areal 35 km²
Folketal 98 658  (2011)
Folketettleik 2 819 / km²
Språk Nepali, bhutia, lepcha, limbu, newari, rai, gurung, mangar, sherpa, tamang, sunwar, tibetansk og hindi
Borgarmeister K.N Topgay[1] (SDF)
Tidssone IST (UTC+5:30)
Postnummer 737101
Retningsnummer 03592
Kart
Gangtok
27°20′ N 88°37′ E
Wikimedia Commons: Gangtok

Gangtok er delstatshovudstad i Sikkim, nordaust i India. Han har eit folketal på rundt 50 000. Byen ligg om lag 1 780 moh. Det offisielle språket her er nepali, men innbyggjarar talar også engelsk, hindi og fleire lokale språk.

Whitehall, regjeringsbygningen i Gangtok

Den viktigaste næringsvegen i Gangtok er turisme, med naturen rundt Himalayafjella, buddhistiske heilagdommar og dei ulike lokale kulturane som viktige trekkplaster. Byen har mellom anna eit tibetologisk museum. Høgsesong for turistnæringa er april-juni og september-november. Vintertemperaturen ligg rundt nullpunktet, medan han varierer mellom 13 og 21 grader om sommaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gangtokmunicipalcorporation.org». Gangtokmunicipalcorporation.org. Henta 30. desember 2012.