Ganot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gannot
moshav
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Loddalen
Koordinatar 32°0′58.68″N 34°49′58.07″E
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av demobiliserte soldatar
Tilhøyrsle Jordbruksunionen

Ganot
32°0′59″ N 34°49′58″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ganot (Israel)

Gannot (hebraisk skrift גַּנּוֹת, tyder 'Hagar') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Hiriya, no Ariel Sharon-parken, og høyrer til Loddalen regionale kommune. I 2006 hadde han 513 innbyggjarar, i 2013 kring 1200 då mange bønder leiger små hus på landområdet.

Landsbyen vart først grunnlagd i 1950 av demobiliserte soldatar, men seinare fråflytta. Han vart grunnlagd på ny i 1955 av Rassco (Rural Suburban Settlement Company) og tok i mot innbyggjarar frå heile landet. Namnet er henta frå Amos 9:14;

Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt. Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei. Dei skal planta vinmarker og drikka vinen. Dei skal stella til hagar og eta frukta.

Gannot-krysset, eit kryss mellom hovudveg 1 og hovudveg 4, ligg nær moshaven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]