Moshav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zekharia moshav
Sdema
10.11.20 16 Adirim.JPG

Moshav (hebraisk מוֹשָׁב, fleirtal מוֹשָׁבִים moshavim, tyder 'busetnad, landsby') er ein type by eller busetnad i Israel, særleg nytta om ein type kollektivt jordbrukssamfunn av individuelle gardar busett av arbeidarsionistar under den andre aliyah-bølgja. Ein innbyggjar eller eit medlem av ein moshav vert kalla ein «moshavnik» (מוֹשַׁבְנִיק).

Moshavar minnar om kibbutzar men med ei vekt på kollektivt arbeid. Dei vart utforma som ein del av nasjonsbygginga til sionistane etter Yishuv («busetnad») i Palestinamandatet tidleg på 1900-talet, men i motsetnad til dei kollektive kibbutzane, eigde ein gardane sjølv i ein moshav, men dei hadde fast og same storleik. Arbeidarane produserte avlingar og varer på eigedomane sine gjennom individuelt og/eller felles arbeid og ressursar, og nytta fortenesta og matvarer til å livnære seg sjølv. Moshavar vert styrt av eit valt råd (hebraisk ועד, va'ad, tyder 'komité'). Samfunnsprosjekt og anlegg vart finansiert av ein særskatt (hebraisk מס ועד, mas va'ad, tyder 'komitéskatt'). Denne skatten var lik for alle hushaldningar i busetnaden, og skapte dermed eit system der gode bønder klarte seg betre enn dei dårlege, i motsetnad til dei kollektive kibbutzane der (i det minste på papiret) alle medlemmane hadde same levestandard. Mange moshavar eksisterer framleis.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire variantar, somme av desse er:

  • Moshav ovdim (hebraisk מושב עובדים, tyder 'arbeidarmoshav'), ein kollektiv arbeidarbusetnad. Dette er den meir vanlege typen og baserer seg på at ein kjøpet inn forsyningar og sel varer felles.
  • Moshav shitufi (hebraisk מושב שיתופי, tyder 'kollektiv moshav'), ein kollektiv småbrukarbusetnad som kombinerer dei økonomiske funksjonane i ein kibbutz med dei sosiale funksjonane i ein moshav. Gardsbruket vert gjort kollektivt og fortenesta vert fordelt likt.

Liste over moshavar[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]