Kfar Chabad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar Chabad
landsby
Land  Israel
Distrikt Sentral
Kommune Loddalen
Koordinatar 31°59′19.32″N 34°51′7.19″E / 31.9887000°N 34.8519972°E / 31.9887000; 34.8519972
Areal 2,5 km²
Folketal 5 900  (2009)
Grunnlagd 1949
Tilhøyrsle Chabad
Kart
Kfar Chabad
31°59′19″N 34°51′07″E / 31.9887°N 34.851997222222°E / 31.9887; 34.851997222222
Wikimedia Commons: Kfar Chabad

Kfar Chabad (hebraisk skrift כְּפַר חַבָּ"ד, tyder 'Chabad-landsbyen') er ein Chabad-Lubavitch-landsby sentralt i Israel. Han ligg mellom Beit Dagan og Lod og høyrer til Loddalen regionale kommune. I 2009 hadde han eit folketal på 4 900.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kfar Chabad vart grunnlagd i 1949 av Yosef Yitzchok Schneersohn.[2] Dei førte innbyggjarane var hovudsakleg nye immigrantar frå Sovjetunionen, overlevande frå andre verdskrigen og undertrykkinga til Stalin. Staden var opphavleg ein palestinsk landsby kalla Al-Safiriyya, som vart avfolka etter krigen i 1948.[3] Så seint som i 1957 vart han på hebraisk kalla Tzafrir.

«Jewish Observer» skreiv: «Det er fleire merkverdige aspekt ved denne Aliyah. Chabad-medlemmane nekta å motta hjelp frå religiøse og politiske organisasjonar. Dei insisterte på å gå til landområdet. Dei tilpassa seg sjølv moderne jordbruksmetodar ... For dei var det eit poeng å ære det å leve slik dei hadde blitt lært. Dette betydde å leve berre av det dei sjølv tente ved hjelp av sitt eige harde arbeid.»[4]

Kfar Chabad, som ligg utafor Lod og kring 8 km søraust for Tel Aviv, omfattar jordbruksområde i tillegg til mange utdanningsinstitusjonar.

Terroråtak ved synagogen[endre | endre wikiteksten]

I 1956 gjekk fedayeen-terroristar inn i ein synagoge under kveldsbøna og byrja å skyte rundt seg. Fem barn og ein lærar mista livet, medan ti andre blei skadde.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Henta 6. juli 2015. 
  2. Chabad.org Calendar
  3. W. Khalidi, 1992, All that remains, s.253
  4. Jewish Observer and Midtausten Review (3. juli 1959)
  5. Yediot Acharonot an Israeli daily, Sunday, May 5, 1957 (engelsk translation)