Garba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Garbadans på stranden i Gujarat.

Garba (gujaratiskrift ગરબા) er ein folkedans frå Gujarat vest i India. Dansen har namn etter garbhadip, der 'garbha' tyder 'krukke' eller 'livmor' og dip tyder 'lys'. Ei rund krukke med eit levande lys inni seg er tradisjonelt ein del av dansen. Tradisjonelt dansa ein garba ved kveldstid under høgtida navaratri ('ni netter'). Garba er blitt eit populært kjennemerke for gujaratikultur, og blir dansa fleire stader i India og resten av verda.

Garbadansarar i pynta læhnga tsjoliar ved eit Ambaji-tempel i Gujarat.
Garbakrukker med lys og hol.

Garba er tradisjonelt ein ringdans for kvinner til ære for gudinna Amba (Durga), og er særleg knytt til hinduhøgtida navaratri. Gudinna er symbolisert av garbakrukka, eit bilde eller ein skulptur i midten av ringen. Ved nokre høve held dansarane krukka på hovudet. Ei garbakrukke kan ha hol i sidene slik at lyset slepp ut. Ho kan elles vera måla i ein sterk farge, typisk kvit og raud, og pynta med blanke ting som speglar, perler, gullpynt eller zaritråd.

Deltakarane i dansen er typisk kledd i fargesterke klede som tradisjonell gudjaratisk læhnga tsjoli. Dei klappar rytmisk til dansen. Ein songar og trommar og eventuelt fleire musikarar akkompagnerer.

Garba er blitt påverka av fleire andre dansetypar, og blir i dag også dansa av menn. Han kan også dansast til andre høgtider og feiringar enn navaratri, som ved bryllaup.

Ein garbavariant er ras garba, også kalla dandiya [ras], som blir dansa med stikker i hendene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Garba

Kjelder[endre | endre wikiteksten]