Læhnga tsjoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike læhnga tsjoliar måla av M.V. Dhurandhar i 1928.

Læhnga tsjoli (devanagari लहंगा चोली) eller gagra tsjoli er eit fargesterkt sørasiatisk antrekk sett saman av ein kort bluse (tsjoli) og eit langt, vidt skjørt (læhnga). Det er hovudsakleg ugifte jenter i Nord-India som går med desse kleda til dagleg, men forseggjorte typar laga til særskilde høve, som bryllaup, blir også brukte av sørasiatar frå andre område. Ein ber gjerne også eit sjal eller slør, drapert langs kroppen eller over hovudet, saman med læhnga tsjoli.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvinne frå Rajasthan i læhnga tsjoli. Skjørtet er gult og blusen blå, medan det raude sjalet er festa i livet og trekt over hovudet.

Læhnga[endre | endre wikiteksten]

Skjørtet er festa i livet og vidar seg ut ned mot okle, der det stopper. Stoffet har ofte kraftig mønster, for finare bruk gjerne broderi i metall og perler.

Tsjoli[endre | endre wikiteksten]

Den tettsitjande blusen er kort og stoppar som regel like under brystet. I moteantrekk kan han òg vera utringa og ha utskoren rygg. Ermene er korte, som regel til midt på overarmen, men moderne utformingar kan også her visa meir hud ved at skuldra er berr. Blusen kan vera enkel og einsfarga eller brodert som skjørtet.

Sjal[endre | endre wikiteksten]

Sjalet, kjend som odhani eller dupatta, kan dekka hovudet, i Rajasthan er det vanleg at det også dekker fjeset. Plagget har ofte same stil som skjørtet. Det kan vera av same type klede, eller av lettare stoff, kanskje gjennomsiktig.


Radha, Krisjna og gopiar frå midten av 1700-talet. Kvinnene ber læhnga tjsoli. Miniatyr i Kishangadh-stilen frå Rajasthan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Læhnga tsjoli stammar frå mogultida, og blei skapt som ei tilpassing av indiske skikkar til muslimske påbod om å dekka seg til.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Indisk brur i raud bryllaups-læhnga tsjoli.
Brurejenter i rosa læhnga tsjoliar med draperte slør.

Det er særleg i Gujarat og Rajasthan at ein bruker læhnga tsjoli; jentedrakt andre stader er til dømes salvar kamiz og pavadai.

I Rajasthan er dette det vanlege brureantrekket. Læhnga tsjoli har òg tradisjonelt vore brukt som bruredrakt av muslimar.[2] Denne bruken har også blitt mote i andre delar av India, mellom anna på grunn av bruk i Bollywood-filmar. Ein kan også sjå vidkjende filmstjerner som gifter seg i læhnga tsjoli.[3] Drakta er òg utbreidd blant brurejenter, som eit elegant antrekk som står godt til brura sin sari. Som bryllaupsklede er draktene svært ofte raude eller rosa.

Garbadans i gujaratisk læhnga tsjoli.

Læhnga eller gagra tsjoli blir også ofte brukt i samband med dans i bryllaup og andre samanhengar, til dømes til den gujaratiske dansen garba.

Liknande klede[endre | endre wikiteksten]

Læhnga kan òg brukast saman med lengre toppar, til dømes kurti, medan tsjolien òg kan kombinerast med skjørt som sjarara eller brukast som saribluse.

Sør i India er det vanleg for unge jenter å bera ein todelt drakt som er noko lik, pavadai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]