Garifuna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Garifuna er eit arawakspråk tala av rundt 300 000 medlemmar av garifunafolket langs den karibiske kysten av Honduras (om lag 98 000 brukarar), Guatemala (16 700) , Belize (16 100) og Nicaragua (1 500).

Garifuna har ein svært kompleks morfologi. Det har òg eit skilje i ordforrådet mellom ord som berre vert brukt av menn og ord som berre vert brukt av kvinner.

I 2009 vart språket teke med på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]