Gate

Kirkegata i Levanger.
Gate er ein ferdsleveg i by eller bustadsområde med hus på sidene. Slike gater har gjerne også fortau eller fotgjengarsoner.
Ordsoge[endre | endre wikiteksten]
Ordet «gate» stammar frå urgermansk gatan og er kjent frå norrønt gat eller gata og mellom anna engelsk gate og tysk Gasse.[1] Det har same opphav som gote eller gutu i tydinga geil, ein veg med stengsle på kvar side.[2]
Namnsetjing[endre | endre wikiteksten]
Gater får ofte namn etter personar frå lokalmiljøet eller geografien i området. Ei undergruppe gruppe av gater er kalla gågater. I desse gatene er ferdsle med motordrivne fargreier anten forbode eller tillate i visse tidsrom på døgnet.
Rekordar[endre | endre wikiteksten]
Den smalaste gata i verda er ifølgje Guinness World Records Spreuerhofstraße i Reutlingen i Tyskland.[3] Denne gata er 31 cm brei på det smalaste.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «gate | Origin and meaning of gate by Online Etymology Dictionary», www.etymonline.com (på engelsk), henta 24. september 2020
- ↑ «gate» i Nynorskordboka., «gate» i Nynorskordboka.
- ↑ «Narrowest street». Guinness World Records. Henta 16. juli 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Gate» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2012 og 24. september 2020.