Gautefallelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 59°3′56″N 8°47′41″E Gautefallelva er ei elv i Drangedal kommune i Telemark. Ho er ein del av Kragerøvassdraget, og har utspringet sitt i ei mengd større og mindre vatn på Gautefallheia mot Nissedal kommune. Det øvste vatnet, Beritsvann, ligg 668 moh., så vidt inne i Nissedal. Øvste dreneringspunkt er 783 moh. Vatnet frå dette området vert samla i Bjorvatnet (340 moh.) ved Gautefall gard, før det går ut i elva som renn austover.

Ca 4 km. lenger nede, etter å ha passert «Fjellgardane» (denne øvste strekninga vert òg kalla «Fjellgardselva»), får ho ei stor sideelv i Søvasselva. Denne sideelva drenerer vatna i Søvassmarka sør for Gautefall, samt nokre mindre vatn heilt sør i Nissedal. Største vatn er Hellersvatnet (375 moh.), som ligg på kommunegrensa.

Etter å ha mottat Søvasselva går det om lag 2 km før Rønnomdalselva sluttar seg til frå nord. Denne drenerer berre Rønnomdalsvannet (223 moh.).

Etter ytterlege eit par kilometer når Gautefallelva munningen sin ved Bostrak, i Bjorvatnet (78 moh.). Ho har no drenert eit nedbørsområde på om lag 160 km². I utløpet har ho skapt eit 500 m breitt delta som er eit viktig våtmarksområde for fuglelivet.

Elva er vernet med Verneplan IV for vassdrag.