Gdynia
| Gdynia | |||
| Gdiniô | |||
| by | |||
|
|||
| Motto: Gdynia - miasto z morza i marzeń – «Gdynia - ein bygd ut av sjøen og draumar» | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Pommerske voivodskap | ||
| Høgd | 0−205 m | ||
| Areal | 135 km² | ||
| Folketal | 245 222 (31. mars 2021)[1] | ||
| Byrettar | 10. februar 1926 | ||
| Postnummer | 81-004 til 81-919 | ||
| Retningsnummer | +48 58 | ||
| Bilnummer | GA | ||
![]() Gdynia 54°31′03″N 18°32′24″E / 54.5175°N 18.54°E | |||
| Wikimedia Commons: Gdynia | |||
Gdynia[a] er ein by i Pommerske voivodskap i Polen og ei viktig hamn ved Gdańskbukta på sørkysten av Austersjøen.
Han ligg i regionen Kasjubia i Aust-Pommern og er ein del av eit storbyområde i lag med kurstaden Sopot, byen Gdańsk og fleire forstader, som i lag dannar storbyområdet Trippelbyen (Trójmiasto), som har over ein million innbyggjarar.
Gdynia fekk byrettar i 1926, og er ein av Polens yngste byer. Han har status som distriktsnivåby.
Historie
[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Gdynia» vart for første gong nytta i 1253 om ein kasjubisk fiskeby. I 1789 var det 21 hus i landsbyen. Som del av Pommern var han ein polsk provins frå om lag 990 til 1308. I 1309–1310 vart han erobra av Den tyske riddarordenen (1309–1454/66), men vart så del av Det kongelege Preussen i Kongedømet Polen (1466–1772). Under den første delinga av Polen i 1772 vart han annektert av Kongedømet Preussen (1772–1870), og vart seinare som del av Preussen del av Det tyske keisardømet (1870–1920). I 1870 hadde landsbyen Gdingen 1200 innbyggjarar.
Etter Versailles-traktaten 1919 vart Gdynia saman med andre delar av det tidlegare Vest-Pommern ein del av den nye Republikken Polen. I 1921 starta konstruksjonen av ei sjøhamn i Gdynia, som vart utvikla til den viktigaste hamna i Den polske korridoren. Byen vart bygd seinare enn sjøhamna, og fekk byrettar i 1926. Gdynia byrja å vokse kraftig etter 1928 med ein folkesetnad på på 120 000 i 1939.
Byen og sjøhamna vart erobra og annektert av Nazi-Tyskland i september 1939 og gjeve namnet Gotenhafen. Om lag 50 000 polske innbyggjarar vart fordrive til Generalguvernementet og eigedommane deira konfiskert og gjeve til tyske nybyggjarar. Hamna vart i stor grad øydelagd då tyske tropper trekte seg tilbake i 1945 (90 % av bygningane vart øydelagd). I byen vart òg den tyske konsentrasjonsleiren Gotenhafen bygd, ein underleir av Stutthof. I 1945 vart byen erobra av sovjetarar og innlemma i det polske Gdańsk-voivodskapet.
Gdynia er vennskapsby med Kristiansand.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://bdl.stat.gov.pl/api/v1/data/localities/by-unit/042214362011-0934100?var-id=1639616&format=jsonapi; vitjingsdato: 6. oktober 2022; filformat: JSON.
- Denne artikkelen bygger på «Gdynia» frå Wikipedia på engelsk, og «Gdynia» frå Wikipedia på bokmål den 14. juni 2008.
