Geir Axelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Axelsen
Fødd 15. mai 1965
Oslo
Yrke politikar, samfunnsøkonom

Geir Axelsen (fødd 15. mai 1965 i Oslo) er ein norsk Ap-politikar. Han var statssekretær i Finansdepartementet i Regjeringa Stoltenberg II. Han er utdanna cand.oecon. i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo (1994) og Master of Public Administration frå Harvard University (2003).

Han vart fyrste gong tilsett som embetsmann i Finansdepartementet i 1997, og seinare vart han mellom anna underdirektør i finansavdelinga (1999–2005). Før han vart statssekretær arbeidde han som ambassaderåd med ansvar for økonomiske og finansielle saker i den norske EU-delegasjonen i Brussel frå august til oktober 2005.

I den partipolitiske karrieren sin har han vore partisekretær i Oslo Arbeidarparti (1994–1997), nestleiar i sentralstyret i AUF (1989–1992), leiar av AUF i Oslo (1987–1988) og fylkessekretær for AUF i Oslo (1985–1987).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]