Geita fyrstasjon

Koordinatar: 61°16.1492′N 4°48.6707′E / 61.2691533°N 4.8111783°E / 61.2691533; 4.8111783
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geita fyrstasjon

FylkeVestland
KommuneAskvoll
FunksjonLeifyr
Oppretta1897
Koordinatar61°16.1492′N 4°48.6707′E / 61.2691533°N 4.8111783°E / 61.2691533; 4.8111783
Fyrtårn
Høgd31,0
FormLyktehus
Fyrlys
LyskarakterIsostase kvart 4. sekund
Lyshøgd42,8 moh.
Lysvidde13,1 nm
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert1982
Avfolka1982
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Geita fyrstasjon
61°16′09″N 4°48′40″E / 61.26916667°N 4.81111111°E / 61.26916667; 4.81111111

Geita fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Geita i Buefjorden i Askvoll kommune i Vestland.

Geita fyrstasjon is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Geita fyrstasjon

Fyrbygningen er i tre og har eit lyktehus med ein høg, spiss kuppel i det søraustlege hjørnet. Sjølve linsa står på eit smijernsfundament. Geita har vanskelege landingsforhold og eit naust som ligg nokre hundre meter frå resten av stasjonen, som òg har maskinhus og uthus, bustad og fjøs.

I dag driv Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen med utleige av fyret for overnatting.

Den spesielle plasseringa på toppen av øya og det særeigne lyktehus gjer fyrstasjonen ein særeigen karakter og fyrstasjonen er verna etter lov om kulturminne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]