Stabben fyrstasjon
Utsjånad
| | |||
| Fylke | Vestland | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Kinn kommune | ||
| Funksjon | Leifyr | ||
| Oppretta | 1867 | ||
| Koordinatar | 61°36.0405′N 4°57.3193′E / 61.6006750°N 4.9553217°E | ||
| Fyrtårn | |||
| Høgd | 15,6 | ||
| Form | Fyrbygning med tårn med indirekte belysning | ||
| Byggjemateriale | Murstein | ||
| Fyrlys | |||
| Lyskarakter | Tre okkulterande glimt kvart 10. sekund | ||
| Lyshøgd | 16,2 moh. | ||
| Lysvidde | 13 nm | ||
| Status | |||
| Eigar | Staten ved Kystverket | ||
| Automatisert | 1975 | ||
| Avfolka | 1975 | ||
| Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
![]() Stabben fyrstasjon 61°36′02″N 4°57′18″E / 61.6006°N 4.955°E | |||
Stabben fyrstasjon er eit leifyr som ligg på holmen Stabben ved innseglinga til Florø i Kinn kommune i Vestland.

Fyret vart sett i drift i 1867. Fyrbygningen er lafta og står på ein høg gråsteinsmur og har eit lågt taktårn. Tårnet vart bygd høgare i 1905 og det vart då sett inn eit 4. ordens linseapparat som framleis er i bruk. Fyrstasjonen består av sjølve fyrbygningen, eit naust og ein landing som ligg tett samla på den vesle holmen. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna.
Stabben fyrstasjon er eit av dei mest særprega fyrstasjonen i landet og bygningane dekkjer nesten heile holmen. På grunn av dette er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008 - side 269» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Stabben fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
- Stabben fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
