Gene Wilder
| Gene Wilder | |||
| | |||
| Fødd | 11. juni 1933 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Milwaukee | ||
| Død | 29. august 2016 (83 år) | ||
| Dødsstad | Stamford i Connecticut | ||
| Fødenamn | Jerome Silberman | ||
| Aktive år | 1961–2016 | ||
| Verka som | skodespelar, komikar, fjernsynsskodespelar, filmprodusent, teaterskodespelar, manusforfattar, regissør, songar, filmskodespelar, filmregissør, skribent, filmmanuskriptforfatter, produsent | ||
| Ektefelle | Gilda Radner | ||
| Prisar | Beste mannlige gjestesopptreden i en komedieserie, Hugo Award for Best Dramatic Presentation, Clarence Derwent Awards | ||
Gene Wilder (11. juni 1933–29. august 2016) var ein USA-amerikansk skodespelar fødd i Wisconsin som Jerome Silberman. Han er kjend for rollar i filmane Blazing Saddles, The Producers og Young Frankenstein, der han arbeidde saman med Mel Brooks, og fire filmar laga med Richard Pryor: Silver Streak, Stir Crazy, See No Evil, Hear No Evil og Another You, og som Willy Wonka i Willy Wonka & the Chocolate Factory frå 1971.
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Wilder blei fødd i Milwaukee i Wisconsin i ein familie av innvandra russiske jødar. Han studerte drama ved University of Iowa der han gjekk ut i 1955, og var seinare student ved Bristol Old Vic Theatre School i England. I 1960-åra blei han kjend for Broadway-rollar i skodespela The Complaisant Lover og Roots. Den første filmrolla hans var i Bonnie and Clyde-filmatiseringa frå 1967, der han spelte ein gravferdsagent.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gene Wilder» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2008.
Denne kunstartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |