Genesaretbåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Genesaretbåten
Karriere
Type: Fiskebåt
Lagnad: Vrak som vert synt fram i Ginosar i Israel
Generelle eigenskapar
Lengd: 8,27 m
Dekkbreidde: 2,3 meter m
Høgd: Maks 1,3 m

Genesaretbåten, og kalla Jesusbåten, er ein drygt åtte meter lang fiskebåt som i 1986 vart funnen på stranda av Genesaretsjøen i Israel.

I 1986 var vasstanden uvanleg låg i Genesaretsjøen, og då oppdaga to brør frå kibbutzen Ginosar, eit to tusen år gammalt båtvrak, som tidlegare låg innkapsla i botnleira ved den nordvestre kyst av innsjøen.

Trevirket i båten er med karbon 14-metoden vorte datert til perioden år 120 f.Kr.-år 40 e.Kr. Båten var i såpass god stand på grunn av dei oksygenfattige forholda på sjøbotnen.[1]

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Samansetting av bordgangar ved hjelp av hol og naglar
Kart
Plasseringa av Genesaretbåten i dag.

Båten er bygd vedhjelp av ein skalbyggingsteknikk som gir ei glattt bordkledning. Borda har først vorte samanføya med ein tapp- og tappholteknikk. I overkant av eit bord har det vorte hogge ut eit tapphol. Eit tilsvarande hol vart laga i bordet over. Det vart sett inn ei brikke som passa i båe hola. Denne brikka vart så låst av dimlingar. På denne måten vart huda (skalet) oppbygd i båten sin fasong. Sa vart forsterkande og avstivande innved sett inn.

Dette samanføyingsprinsipper svært gammalt. Det er brukt i Khufu-skipet, begravelsesskip for farao Keops som døydde i 2566 f.Kr. Her har tappane vorte limte.[2]

Båten er bygd hovudsakleg av sedertre. I skroget finn ein ti treslag, noko som kan tyde på dårleg tilgang på materialar, eller at han vart bygd av overskotsmaterialar. Han er flatbotna og kunne roast av fire roarar. Det er spor etter mast. I båten fann ein mellom anna ei oljelampe, ei kokegryte, spikar og krokar.

Båten er utstilt på Yigal Allon Museum and Educational Center i kibbutzen Ginosar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shelley Wachamann med flere (1988): An Ancient Boat Discovered in the Sea of Galilee, Israel Antiquities Authority, Jerusalem 1988, referert til i artikkelen Ginosar, lest 11. oktober 2020
  2. Tom Rasmussen (2008). «Kravellteknikkens vei til Norge». I Torstein Arisholm; Morten Hesthammer; Åsmund Kristiansen; Tom Rasmussen. Kravellbygging i Norge, Historie, teknikk, utvikling. Hardanger Fartøyvernsenter. Norsk Sjøfartsmuseum. s. 9. ISBN 978-82-91828- 02-2.