Ginosar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°50′51.35″N 35°31′22.43″E
Ginosar
kibbutz
Ginosar from above.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Jordandalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°50′51.35″N 35°31′22.43″E
Grunnlagd 25. februar 1937
 - Grunnlagd av Unge sosialistar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ginosar
Nettstad: www.ginosar.org.il

Ginosar (hebraisk גִּנּוֹסַר) er ein kibbutz på vestbreidda av Genesaretsjøen i Israel. Han ligg nord for Tiberias langs veg 90 og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 472.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

I det første hundreåret evt. var Ginosar ein blømande by, som på gresk og latin vart kalla Gennesaret, medan versjonen «Ginosar» dukka opp i Det nye testamentet. Den moderne kibbutzen er kalla opp etter den gamle byen, men det er ikkje visst at han låg på akkurat same staden.

Unde rein alvorleg tørke i 1986 fall vassnivået i innsjøen og avdekte rama til ein fiskebåt som sidan er karbondatert til 100 fvt. til 70 evt., og som no er kjend som Genesaretbåten. Ved hjelp av nyskapande teknikkar vart båtrama redda. Båten vart plassert i ein spesialtank, og er i dag på utstilling i Beit Yigal Allon Museum.[1]

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Ginosar vart grunnlagd under purim i mars 1937 av ei gruppe unge socialist-sionistar på landområda til Palestine Jewish Colonization Association (PICA) leigd av Migdal. Han vart opphavleg bygd som ei tårn og palisade-busetjing.

Kibbutzen var nært knytt til Mapai-partiet[2] og var heimstaden til Yigal Allon, kommandanten i «den syriske avdelinga» av Palmach, og seinare ein minister i den israelske regjeringa.

Ginosar var opphavleg eit jordbrukssamfunn, men hovudnæringa i dag er turisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Israel Handbook: With the Palestinian Authority Areas , by Dave Winter
  2. Heaven on Earth: the Rise and Fall of Socialism

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]