Geofysisk Institutt i Tromsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det Geofysiske Institutt i Langnesveien i Tromsø vart bygd i 1918. Saman med Haldde-Observatoriet i Kåfjord i Finnmark (1912-1926) var Geofysisk Institutt (1918-1927) forløparane til distriktsentralen for vêrvarslingstjenesta i Nord-Noreg. Dei gamle, nedlagde instituttbygningane, som no vert nytta som bustad med tre husvære, ligg på området der Meteorologisk Institutt/Vêrvarslinga for Nord-Norge har lokala sine i dag.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Planane om å skipe eit geofysisk institutt i Tromsø kom til under eit møte mellom professorane Krogness, Bjørn Helland-Hansen og Olaf Devik under ein konferanse i Stockholm i 1915. Ei pengeinnsamling vart sett i gang i Tromsø for å få reist høvelege husvære for vêrvarsling, og for måling og registrering av jordmagnetisme, og i desember 1918 var bygningane i Langnesveien 3b klare til innflytting. I 1928 vart Det geofysiske Institutt delt i to ved at Vêrvarslinga for Nord-Noreg vart verande i «Geofysen» i Langnesveien 3b, medan jordmagnetismemålingane, nordlysforskinga og anna geofysisk forsking vart flytt til Nordlysobservatoriet på nordsida av Prestvannet, og som fleire år seinare vart ein del av Universitetet i Tromsø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]