Geologisk datering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Geologisk datering er forskjellige metodar for å datering innan geologi. Den geologiske dateringa er dels relativ og dels absolutt. Under ei relativ datering vert ei hending eller ein geologisk fase datert i forhold til ein anna som er kjend, og vil då vere eldre, yngre eller samtidig med den kjende. Under ei absolutt datering prøver ein å uttrykke alderen i det eksakte talet på år, ofte i millionar av år.

Relativ datering[endre | endre wikiteksten]

Eit geologisk lag som til dømes ligg over eit anna vil som regel vere yngre enn laget det ligg over, dersom dei har lege uforstyrra sidan dei vart danna. Normalt vil den relative dateringa gå ut på å plassere ei hending inn i ein geologisk tidsskala ved hjelp av fossil eller andre stratigrafiske hjelpemiddel.

Absolutt datering[endre | endre wikiteksten]

Ein kan få absolutt datering ved å telje årringar på trestammer, kalla dendrokronologi eller varv i istidssediment. Den sistnemnde metoden kan nyttast nøyaktig tilbake til kring 15 000 år sidan.

Absolutt datering er ofte basert på radioaktive isotopar i bergartar, mineral og fossil. Isotopane går ofte gjennom fleire trinn når dei vert radioaktivt nedbryte. Tida det tar å spalte halvparten av ei viss mengd av eit radioaktiv stoff vert kalla halveringstida. Når ein veit kor mykje det er att av ein radioaktiv isotop, og kor mykje som er danna av den stabile isoptopen, kan ein rekne ut alderen. De eldste stoffet er 238U, uran med nukleontal 238, som utgjer 99,28 prosent av naturleg uran. Det går over til det stabile 206Pb (bly med nukleontal 206). Halveringstida er 4,51 milliardar år. Metoden vert kalla uran-blymetoden. Andre metodar er kalium-argonmetoden med halveringstid på 1,28 milliardar år, rubidium-strontiummetoden med ei halveringstid på 47 milliardar år. Denne metoden er mindre utsett for feilkjelder enn dei andre, men fordi det er lite rubidium i dei fleste mineral, og fordi halveringstida er så lang, kan han berre nyttast til prøvar som er meir enn 10 millionar år gamle.

14C er karbon med nukelontal 14. Dette vert danna heile tida ved stråling i jordatmosfæren. 14C-atom finst i organiske stoff, som tre og muslingskal, slik at dei vert svakt radioaktive. Radiokarbondatering vert nytta til å datere organiske stoff ved hjelp av denne isotopen. Halveringstida er er 5730 år og metoden kan nyttast til å datere lekamar opp til 65 000 år, men vert unøyaktig når tida nærmar seg 25-30 000 år. Metoden vert mykje nytta innan arkeologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]