George Ratcliffe Woodward

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Ratcliffe Woodward
George Ratcliffe Woodward.jpg
Fødd 27. desember 1848
Død

3. mars 1934

Yrke birøktar, komponist, anglikansk prest

George Ratcliffe Woodward (27. desember 18483. mars 1934) var ein anglikansk prest som skreiv og omsette salmar. Han skreiv dei fleste til tradisjonelle melodiar, hovudsakleg frå renessansen. Ein del av desse arrangerte han sjølv, men som oftast samarbeidde han med komponisten Charles Wood.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Woodward var fødd i Birkenhead og blei utdanna i Elstree i Hertfordshire og deretter kostskulen Harrow. I 1867 vann han eit Sayer-stipend til Gonville and Caius College ved Universitetet i Cambridge. Etter å ha gått ut frå universitetet i 1872 blei han ordinert til diakon den 21. desember 1872.

Han tente ved St Barnabas-kyrkja i Pimlico i London fram til 1882, då han flytta til Little Walsingham i Norfolk. I 1888 flytta han til Chelmondiston nær Ipswich. Woodward gifta seg med Alice Dorothy Lee Warner i 1889, i St Barnabas-kyrkja i Pimlico. Kona døydde berre fire år etter. I 1894 drog Woodward tilbake til London, der han fekk ei stilling ved St Barnabas-kyrkja. Her var han med på å grunnleggja St Barnabas Choral Society.

I 1924 blei han gjeven eit kyrkjeleg æresdoktorat, Lambeth Doctorate in Music. Woodward døydde i 1934 og blei gravlagd i Little Walsingham, same stad som kona si.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Woodward hadde ei sterk interesse for gamle salmar og carols. Han gav ut fleire salmesamlingar med ei blanding av gamle og sjølvskrivne songar, som Carols for Christmas-Tide i 1893, Carols for Easter and Ascension-tide og Hymns and Carols for Christmas-tide (1897). I 1901 og 1919 gav han ut The Cowley Carol Book i to delar.

I 1904 gav han ut Songs of Syon: A Collection of Hymns and Sacred Poems Mostly Translated from Ancient Greek, Latin and German Sources og i 1910 Piae Cantiones: A Collection of Church & School Song, chiefly Ancient Swedish, originally published in A.D. 1582 by Theodoric Petri of Nyland, ei engelsk utgåve av det finske mellomalderverket Piæ Cantiones.[1] I 1924 gav Woodward og Wood ut A Cambridge Carol Book: Being Fifty-two Songs for Christmas, Easter and Other Seasons, der kjende songar som «Ding Dong Merrily on High» og «Past Three O'Clock» var med.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «George Ratcliffe Woodward» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2013.
  • Barnes, John E. George Ratcliffe Woodward, 1848-1934, Priest, Poet and Musician. Norwich: The Canterbury Press, undated (late 1990s?).
  • Venn, J.; Venn, J. A., eds. (1922–1958). "Woodward, George Ratcliffe". Alumni Cantabrigienses (10 vols) (online ed.). Cambridge University Press.

  1. Piae cantiones ecclesiasticae...: Piae Cantones.: A collection of church & school song chiefly ancient Swedish, originally published in A.D.1582 by Theodoric Petri of Nyland. Rev. and re-ed., with preface and explanatory notes, by G.R.Woodward for the Plainson & medival music society., London 1910 (engelska). Libris 2589054. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]