Pimlico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pimlico
område
Land  Storbritannia
Region Stor-London
Bydel City of Westminster
Kart
Pimlico
51°29′19″N 0°08′22″W / 51.4887°N 0.1395°W / 51.4887; -0.1395
Wikimedia Commons: Pimlico

Pimlico er ein liten stad innanfor City of Westminster i sentrale London.[1] Han ligg på nordbreidda av elva Themsen, sør for Victoria stasjon. Området ligg like ved Belgravia i nord, og er skilt frå dette ved Victoria-stasjonen. Pimlico er kjent for hagetorga sine og hus i regency-arkitektur. I kjernen av Pimlico er det eit nettverk av bustadgater som blei planlagde av Thomas Cubitt frå byrjinga av 1825. Tate Gallery ligg i Millbank, rett ved grensa til Pimlico.

Nokre kjende personar som har budd her er mellom anna politikaren Winston Churchill, designaren Laura Ashley, filosofen Swami Vivekananda, skodespelaren Laurence Olivier, illustratøren og forfattaren Aubrey Beardsley, den fyrste kenyanske presidenten Jomo Kenyatta og piloten Sheila Scott.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Stadnamnet Pimlico er dokumentert for fyrste gong i 1626. Det opptrer i som Pimplico i 1630, og igjen som Pimlico på Rocques kart av 1747.[2] Namnet er ganske sikkert frå det velkjente drikkestova i Hoxton som er referert til som Pimlyco eller Pimlico i 1609, og var kjent for ølet sitt, ale, som også blei kalla for pimlico, og eigaren med same namn, Ben Pimlico, omtalt så tidleg som 1598.[2] Dette var ein ynda drikkestad for teaterfol, sidan låg tidlege teater i nærleiken. Eksistensen av drikkestova er minna med ei lita gate som heiter Pimlico Walk i Hoxton.[2] Staden er òg jamleg referert til i skodespel av Thomas Dekker, Ben Jonson og andre.[3]

Kollektivtransport[endre | endre wikiteksten]

Pimlico undergrunnsstasjon er ein stasjon frå Victoria, og gir dermed enkel tilgang til ulike undergrunns- og jernbanelinjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «London's Places» Arkivert 6. september 2015 på Wayback Machine. (PDF). London Plan. Greater London Authority. 2011. p. 46.
  2. 2,0 2,1 2,2 Mills, A.D. (2010): A Dictionary of London Place-Names, Oxford Quick Reference, s. 194
  3. «Pimlico», s. 39-49. Old and New London, 5. Opprinnelig utgitt av Cassell, Petter & Galpin, London, 1878. British History Online