Gerd
Hopp til navigering
Hopp til søk

Den vene jotunkvinna Gerd. Trykk av W.G. Collingwood (1854 - 1932).
Gerd er eit førenamn som kan vera avleidd av det norrøne ordet garðr som betyr ' gjerde' eller 'vern', eller av lengre kvinnenamn med denne endinga. På tysk kan det vera ei kortform av Gerhard.
Gerd har namnedag i Noreg og Sverige den 23. mars.
Namneformer[endre | endre wikiteksten]
Kvinnenamnet har ei anna form, Gerda, medan mannsnamnet kan ha formene Gert og Geert. Det finst også på norsk som Gard.
Gerd, -gard eller -gjerd finst i ei rekke kvinnenman, som Asgjerd, Hallgerd, Hildegard og Ingjerd.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Gerd (norrønt Gerðr) er namnet på ei jotunkvinne i norrøn mytologi som Frøy forelska seg i og gifta seg med.
Namnet Gerd er kjend på Island frå 900-talet, men i Noreg først fra 1800-talet. Gerd var blant dei mest brukte namna på nyfødde jenter i Noreg i perioden ca 1910–1950.
Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Minneplate for den tyske gallerieigaren Gerd Rosen.
Kvinner[endre | endre wikiteksten]
- Gerd Nyquist (1913–1984), norsk forfattar
- Gerd Kirste (1918-2004), norsk politikar
- Gerd Åsta Hjelm Arnesen (1919–2003), norsk komponist og tekstforfattar
- Gerd Mårtensson (f. 1919), svensk skodespelar
- Gerd Brantenberg (f. 1941), norsk forfattar
- Gerd Dvergsdal (f. 1946), norsk politikar
- Gerd-Liv Valla (f. 1948), norsk fagforeiningsleiar
- Gerd Janne Kristoffersen (f. 1952), norsk politikar
- Gerd Kvale (f. 1955), norsk psykolog
Menn[endre | endre wikiteksten]
- Gerd von Rundstedt (1875-1953), tysk offiser
- Gerd Albrecht (f. 1935), tysk dirigent
- Gerd Müller (f. 1945), tysk fotballspelar
- Gerd Binnig (f. 1947), tysk fysikar, vann nobelprisen i 1986
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Gerd» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2009.