Gerisim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerisim
fjell
Gammalt bilete av Gerisim
Land  Dei palestinske territoria
Høgd 881 moh.
Koordinatar 32°11′58″N 35°16′22″E / 32.19944°N 35.27278°E / 32.19944; 35.27278
Kart
Gerisim
32°11′58″N 35°16′22″E / 32.199444444444°N 35.272777777778°E / 32.199444444444; 35.272777777778
Wikimedia Commons: Mount Gerizim

Gerisim (samaritansk hebraisk Ar-garízim, arabisk جبل جرزيم Jabal Jarizīm, tiberisk hebraisk הַר גְּרִזִּים Har Gərizzîm, standard hebraiske הַר גְּרִיזִּים Har Gərizzim) er eit av to fjell like i nærleiken av NablusVestbreidda og dannar sørsida av dalen som Nablus ligg i. Nordsida vert danna av Ebal. Fjellet er eit av dei høgaste punkta på Vestbreidda og stig til 881 meter over havet.[1] Fjellet er særleg bratt på nordsida og er dekt med tynn vegetasjon på topen. Lenger nedde er det ei kjelde med ferskvatn..[2]

Det ligg ein samaritansk landsby (Kiryat Luza) og ei israelsk busetjing (Har Bracha) på fjellkammen.

Fjellet er heilag for samaritanarane, og dei reknar dette, i staden for Tempelhøgda i Jerusalem, som staden Javeh valde ut for eit heilag tempel. Fjellet er framleis eit senter i samaritansk religiø og over 90% av samaritanarane i verda, bur tett ved Gerizim, hovudsakleg i Kiryat Luza.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matthew Sturgis, It aint necessarily so, ISBN 0-7472-4510-X
  2. Jewish Encyclopedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]