Gezahegne Abera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gezahegne Abera

Gezahegne Abera (fødd 23. april 1978) er ein tidlegare langdistanseløpar frå Arsi-provinsen i Etiopia som i 2000 vart olympisk meister og i 2001 verdsmeister i maratonløping.

I 1999 vart Abera nummer 11 i VM i Sevilla, før han sprang inn til siger i Fukuoka maraton i Japan, ei maratontevling han også vann i 2001 og 2002. Våren 2000 enda Abera på andreplassen i Boston maraton. Hausten 2000 tok han teten i det olympiske maratonløpet etter 39 km, derifrå og inn til mål auka han leiinga til 20 sekundar mot Erick Wainaina frå Kenya som fekk sølv. Året etter kneip Abera gullmedaljen i maratonløpet ved verdsmeisterskapen i Edmonton i Canada, eitt einaste sekund framom Simon Biwott frå Kenya. I 2003 triumferte Abera i London maraton på tida 2.07.56.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]