Gina G
Gina G | |||
Fødd | 3. august 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brisbane | ||
Opphav | Australia | ||
Aktiv | 1990– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Warner Bros. Records | ||
Verka som | songar |
Gina Mary Gardiner (fødd 3. august 1970 i Brisbane i Australia), kjend under artistnamnet Gina G, er ein australsk songar. Ho er mest kjend for å ha representert Storbritannia i Eurovision Song Contest 1996 med låten «Ooh Aah... Just a Little Bit». Songen vart ein internasjonal suksess og toppa den offisielle singellista i Storbritannia.[1] Songen nådde også singellistene i Australia, New Zealand, Europa og USA.[2] Songen enda berre på ein åttandeplass i Eurovision Song Contest i Oslo.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Gardiner vart fødd i Queensland i Australia og flytta til Melbourne mot slutten av 1980-åra. Der jobba ho som DJ før ho vart med i dance-gruppa Bass Culture, som gav ut fleire singlar tidleg på 1990-talet.[3]
I 1994 flytta ho til London for å jobbe vidare med artistkarrieren, og i 1996 vart ho plukka ut til å delta i den britiske Melodi Grand Prix-finalen, med songen «Ooh Aah... Just a Little Bit». Ho vann den britiske finalen klårt og fekk representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 1996 i Oslo.[4]
Før den internasjonale finalen gjekk «Ooh Aah... Just a Little Bit» inn på den britiske singellista, og Gina G vart tidleg ein favoritt til å vinne Eurovision Song Contest, men i konkurransen enda ho berre på ein åttandeplass. Etter Eurovision Song Contest vart «Ooh Aah... Just a Little Bit» ein stor kommersiell suksess og toppa den britiske singellista. Han gjekk også inn på amerikanske Billboard Hot 100 og hitlister i fleire europeiske land, i tillegg til heimlandet Australia. Songen vart også nominert til ein Grammy i klassen Best Dance Recording i 1998.[2]
I 1997 slapp Gina G debutalbumet Fresh!, som inneheldt singlar som «I Belong To You», «Fresh» og gjennombrotslåten frå Eurovision Song Contest.[5][6] Gina G klarte ikkje i å halde oppe suksessen frå «Ooh Aah... Just a Little Bit». Blant anna hamna ho i ein avtalestrid med produsenten sin. Avtalen gjorde, ifølgje Gina G sjølv, at ho ikkje kunne spele inn ein einaste tone, noko som øydela for heile karrieren hennar. Fyrst i 1999 vart ho løyst frå avtalen etter fleire rundar i retten.[6]
I 2005 prøvde Gina G seg på nytt i den britiske finalen med songen «Flashback», men ho kom sist i finalen Making Your Mind Up 5. mars 2005.[7]
Gina G bur no i Santa Monica i USA og har to barn.[2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]Tittel | Detaljar | Høgaste plassering | Sertifiseringar | ||
---|---|---|---|---|---|
AUS [8] |
NOR [9] |
STO [10] | |||
Fresh! | 53 | 40 | 12 | ||
Get Up & Dance |
|
— | — | — |
Remix album
[endre | endre wikiteksten]Tittel | Detaljar |
---|---|
Remix Album |
|
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Høgaste plassering | Sertifiseringar | Album | ||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
AUS [8] |
CAN Dance |
FIN [12] |
TYS [13] |
IRL [14] |
NOR [9] |
SVE [15] |
STO [10][16] |
USA | USA Dance | |||||||
1992 | «Love the Life» (med Bass Culture) | 130 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | BC Nation | ||||
1996 | «Ooh Aah... Just a Little Bit» | 5 | 2 | 6 | 88 | 6 | 5 | 6 | 1 | 12 | 4 | Fresh! | ||||
«I Belong to You» | 34 | 21 | 18 | — | 16 | — | 24 | 6 | — | — | ||||||
1997 | «Fresh!» | 23 | — | — | 83 | 29 | — | — | 6 | — | — | |||||
«Ti Amo» | 113 | — | — | — | — | — | — | 11 | — | — | ||||||
«Gimme Some Love» | 121 | 8 | — | — | — | — | — | 25 | 46 | 18 | ||||||
«Every Time I Fall» | 144 | — | — | — | — | — | — | 52 | — | — | ||||||
2004 | «Just a Little Bit» (remix) | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Ikkje frå album | ||||
2005 | «Flashback» | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Get Up & Dance | ||||
2006 | «Tonight's the Night» | — | — | — | — | — | — | — | 57 | — | — | Ikkje frå album | ||||
2011 | «Next 2 U» | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |||||
"—" Indikerer at singelen ikkje kom inn på lista, eller ikkje vart gjeven ut, i det landet. |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «'Ooh Aah... Just a Little Bit' | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 13. juni 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Gina G – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 1. desember 2017. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Bass Culture». Discogs (på engelsk). Henta 14. juni 2017.
- ↑ «UK national final 1996». natfinals.50webs.com. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Gina G – Fresh!». Discogs (på engelsk). Henta 13. juni 2017.
- ↑ 6,0 6,1 «Eurovision UK: Interview with Gina G [part 1]». Eurovision News, Polls and Information by esctoday (på engelsk). 30. juli 2013. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «UK national final 2005». natfinals.50webs.com. Henta 14. juni 2017.
- ↑ 8,0 8,1 Australian (ARIA) chart peaks:
- Top 50 peaks: «australian-charts.com > Gina G in Australian Charts». Hung Medien. Henta 9. april 2017.
- Top 100 peaks to December 2010: Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010 (PDF utg.). Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. s. 110.
- "Love the Life" (with Bass Culture): «Response from ARIA re: chart inquiry, received 5 June 2015». Imgur.com. Arkivert frå originalen 5 June 2015. Henta 9. april 2017.
- "Ti Amo", "Gimme Some Love" and "Every Time I Fall": «Response from ARIA re: chart in inquiry, received 3 March 2017». Imgur.com. Henta 9. april 2017.
- Fresh!: «The ARIA Australian Top 100 Albums Chart – Week Ending 15 Jun 1997». ARIA. Henta 9. april 2017 – via Imgur.com. N.B. The number in the HP column represents the highest position reached.
- ↑ 9,0 9,1 «norwegiancharts.com > Gina G in Norwegian Charts». Hung Medien. Henta 10. april 2017.
- ↑ 10,0 10,1 «Official Charts > Gina G». The Official UK Charts Company. Henta 9. april 2017.
- ↑ 11,0 11,1 «BPI > Certified Awards > Search results for Gina G (from bpi.co.uk)». Imgur.com (original source published by BPI). Henta 10. april 2017.
- ↑ «finnishcharts.com > Gina G in Finnish Charts». Hung Medien. Henta 10. april 2017.
- ↑ German chart peaks:
- "Ooh Aah... Just a Little Bit": «Gina G – Ooh Aah... Just a Little Bit (single)» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 10. april 2017.
- "Fresh!": «Gina G – Fresh! (single)» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 10. april 2017.
- ↑ «The Irish Charts - All there is to know». www.irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 5. january 2010. Henta 13. january 2020.
- ↑ «swedishcharts.com > Gina G in Swedish Charts». Hung Medien. Henta 10. april 2017.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 218. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «The ARIA Australian Top 100 Singles 1996». Imgur.com (original document published by ARIA). Arkivert frå originalen 2 November 2015. Henta 10 April 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Gina G» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2023.