Eurovision Song Contest 1996

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eurovision Song Contest 1996
Dato
Vertskap
Stad
Oslo Spektrum
Oslo i Noreg
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Estland
Nederland
Finland
Sveits
Slovakia
Ikkje kvalifisert
Ungarn
Tyskland
Danmark
Russland
Makedonia
Israel
Romania
Kart
Røysting
Vinnar
«The Voice»
Eurovision Song Contest
1995 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1997
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen ██ Land som ikkje deltok i konkurransen fordi dei ikkje klarte å kvalifisere seg

Eurovision Song Contest 1996 (ESC 1996) var den 41. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Oslo Spektrum i Oslo i Noreg. Finalen fann stad laurdag 18. mai. Irland vann konkurransen med songen «The Voice», framført på engelsk av Eimear Quinn.

Kvalifisering og utveljing[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) vidareførte eksperimentet med å prøva å redusera talet på deltakarland til noko meir handterleg, så ein gjennomførte i 1996, som i 1993, ein kvalifiseringsrunde der berre vertsnasjonen Noreg slapp unna. Sjølve kvalifikasjonsrunden vart enkelt gjennomført; han vart ikkje kringkasta på nokon måte, og dei nasjonale juryane gav songane poeng ut i frå lydopptak, altså vart ikkje songane framført heller.

Det kom ganske snart fram at dette systemet ikkje var noko betre enn det EBU hadde prøvd ut før, og førte mellom anna til at ein av dei største økonomiske bidragsytarane til tevlinga, Tyskland, ikkje vart kvalifisert. Dette har ikkje skjedd i historia til ESC, korkje før eller sidan.

1996-tevlinga førte også med seg nye innslag, som t.d. at ein spelte av ein video for kvart land som inneheldt ei lukkehelsing, innspelt av ein politisk leiar eller utsending frå det aktuelle landet. Det andre var at avstemmingsrunden vart gjennomført med datateknologi med ei resultatliste i 3D, saman med ein skjerm der talspersonane for dei ulike juryane dukka opp. Dei einaste fysiske gjenstandane i «det blåe rommet» var programleiar Ingvild Bryn og podiet ho stod på.

Jugoslavia, som i 1996 berre bestod av Serbia og Montenegro, skal også ha ordna i stand eit songbidrag, men kunne ikkje delteke på grunn av alle sanksjonane mot landet.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Semifinale[endre | endre wikiteksten]

Land Artist Song Språk Plass Poeng
Austerrike George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Alemannisk 6 80
Belgia Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 12 45
Bosnia-Hercegovina Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 21 29
Danmark Dorthe Andersen og Martin Loft «Kun med dig» Dansk 25 22
Estland Maarja-Liis Ilus og Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 5 106
Finland Jasmine «Niin kaunis on taivas» Finsk 22 28
Frankrike Dan Ar Braz og L'Héritage des Celtes «Diwanit Bugale» Bretonsk 11 55
Hellas Mariana Efstratiou «Εμείς Φοράμε το Χειμώνα Ανοιξιάτικα»
(«Emis Forame to Himona Anixiatika»)
Gresk 12 45
Island Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 10 59
Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 2 198
Israel Galit Bell «שלום עולם»
(«Shalom Olam»)
Hebraisk 28 12
Kroatia Maja Blagdan «Sveta ljubav» Kroatisk 19 30
Kypros Constantinos Christoforou «Μόνο Για Μας»
(«Mono Yia Mas»)
Gresk 15 42
Makedonia Kaliopi «Само ти»
(«Samo ti»)
Makedonsk 26 14
Malta Miriam Christine «In a Woman's Heart» Engelsk 4 138
Nederland Maxine og Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 9 63
Polen Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech…» Polsk 15 42
Portugal Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 18 32
Romania Monica Anghel og Sincron «Rugă pentru pacea lumii» Rumensk 29 11
Russland Andrej Kosinskij «Я это я»
(«Ja eto ja»)
Russisk 26 14
Slovakia Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 17 36
Slovenia Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 19 30
Spania Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 14 43
Storbritannia Gina G «Ooh Aah… Just a Little Bit» Engelsk 3 153
Sveits Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 8 67
Sverige One More Time «Den vilda» Svensk 1 227
Tyrkia Şebnem Paker «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 7 69
Tyskland Leon «Planet of Blue» Tysk 24 24
Ungarn Gjon Delhusa «Fortuna» Ungarsk 23 26

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Tyrkia Şebnem Paker «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 12 57
02 Storbritannia Gina G «Ooh Aah... Just a Little Bit» Engelsk 8 77
03 Spania Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 20 17
04 Portugal Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 6 92
05 Kypros Constantinos Christoforou «Μόνο Για Μας»
(«Mono Yia Mas»)
Gresk 9 72
06 Malta Miriam Christine «In A Woman's Heart» Engelsk 10 68
07 Kroatia Maja Blagdan «Sveta ljubav» Kroatisk 4 98
08 Austerrike George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Alemannisk 10 68
09 Sveits Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 16 22
10 Hellas Mariana Efstratiou «Εμείς Φοράμε το Χειμώνα Ανοιξιάτικα»
(«Emeis Forame to Himona Anixiatika»)
Gresk 14 36
11 Estland Maarja-Liis Ilus og Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 5 94
12 Noreg Elisabeth Andreassen «I evighet» Norsk 2 114
13 Frankrike Dan Ar Braz og L'Héritage des Celtes «Diwanit Bugale» Bretonsk 19 18
14 Slovenia Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 21 16
15 Nederland Maxine og Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 7 78
16 Belgia Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 16 22
17 Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 1 162
18 Finland Jasmine «Niin kaunis on taivas» Finsk 23 9
19 Island Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 13 51
20 Polen Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech...» Polsk 15 31
21 Bosnia-Hercegovina Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 22 13
22 Slovakia Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 18 19
23 Sverige One More Time «Den vilda» Svensk 3 100

Artistar som har delteke tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling
Finalen
Poeng Plass
Elisabeth Andreassen Noreg 1982 (med gruppa Chips) Sverige 67 8
1985 (med Bobbysocks) Noreg 123 1
1985 (med Jan Werner Danielsen) Noreg 76 6
Mariánna Evstratíou Hellas 1989 Hellas 56 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]