Giro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Giro (frå latin gyrus, 'krets, omløp' eller 'overføring') er ein måte å overføre eit pengebeløp mellom bankkonti til to personar, for eksempel når ein skal betale ei rekning.

På giroen fyller ein ut sitt eige kontonummer og mottakaren sitt, og beløpet som skal betalast. Så sender ein giroen til banken, som tar seg av å overføre pengane. Andre giroformar er brevgiro, telegiro, nettgiro og avtalegiro. Tidlegare hadde posten sitt eige postgiro.

Giroar har vore nytta i Egypt sidan det 1. hundreåret. I moderne tid var Austerrike først ute med postgiro i 1883. Sveits innførte giro i 1906, Tyskland i 1909, Belgia i 1913, Nederland og Frankrike i 1918. Noreg fekk først postgiro i 1943.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.