Gje meg handa di

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Gje meg handa di, ven» er ei vise som Sondre Bratland gav ut i 1988 på eit album med voggeviser. Teksten er ny og melodien er den irske folkesongen «Down by the Salley Gardens» frå 1600-talet. Andre artistar har òg gitt ut songen på plate. Mellom dei er Anne Karin Kaasa på albumet Svalande vind, Hanne Krogh på albumet Vestavind, Carola og med Helge BorglundFrem fra Glemselen kap.20. Den er òg på albumet Have Yourself a Merry Little Christmas med Kurt Nilsen og Helene Bøksle. Desse to framførte også songen under NRKs minnekonsert etter terroråtaka i 2011 i Oslo domkyrkje den 30. juli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]