Helene Bøksle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helene Bøksle
Fødd1. april 1981
FødestadMandal
FødenamnHelene Margrete Bøksle
OpphavNoreg
Aktiv1985–
Sjangerpop, Folkemusikk
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar
FarIvar Bøksle

Helene Margrete Bøksle (fødd 1. april 1981) er ein norsk songar og skodespelar. Ho skriv det meste av materialet sitt sjølv, i framfører ein blandingsjanger mellom folkemusikk, pop og folkrock. Ho fekk det store gjennombrotet sitt i 2009 med juleplata Det hev ei rose sprunge, som selde til platinaplate til trass for at ho ikkje vart marknadsført. Bøksle har òg ved fleire høve sunge saman med Bjørn Eidsvåg, David Urwitz, Kurt Nilsen, Secret Garden og Vamp.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bøksle er dotter av Ivar Bøksle og vaks opp på Frydnes innerst i Harkmarkfjorden utanfor Mandal. Ho er utdanna ved Nordisk Institutt for Scene og Studio.

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Som 13-åring song Bøksle under utdelinga av Nobels fredspris. Hausten 2003 deltok ho i talentkonkurransen Kjempesjansen på NRK saman med Hannah Wilder på hardingfele. Ho stilte med låten «Heiemo og nykkjen», ei moderne framføring av mellomalderballaden «Nøkken som belar». Ho kom til finalen, der ho framførte den tyske folkevisa og julesalmen «Det hev ei rose sprunge», og enda på fjerdeplass. Jula 2003 opptredde ho under Frelsesarmeens julekonsert med «Det hev ei rose sprunge».

I september 2004 sette Bøksle opp musikktilstellinga Elverhøy i Ravnedalen i Kristiansand. Den trekte over 5 000 tilskodarar, og arrangementet vart seinare gjenteke tre år på rad.

Bøksle har levert vokal til temamusikken til videospelet Age of Conan: Hyborian Adventures, komponert av Knut Avenstroup Haugen i 2009. Denne musikken mottok ei rekkje prisar, milom anna Hollywood Music Awards for beste spel-musikk. Same år opptredde ho òg på Spellemannprisen 2009 med utdrag derfrå, og i oktober var ho med i NRK-programmet Beat for beat.

I 2010 turnerte Bøksle i Kina med musikarane Markus Lillehaug Johnsen (gitar) og Stein Inge Brækhus (perkusjon) i regi av Rikskonsertane, med 17 konsertar på to veker. Vesle julaftan og 2. juledag 2010 hadde Bøksle ein halv times julekonsert med Kringkastingsorkestret (KORK) på NRK1 med over 700 000 sjåarar.

I 2011 deltok Bøksle i Melodi Grand Prix 2011 med melodien «Vardlokk». I den fyrste delfinalen på Ørlandet 15. januar gjekk ho direkte vidare til finalen i Oslo Spektrum.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Elverhøy
  • 2008: Age of Conan: Hyborian Adventures (spelmusikk)
  • 2009: Morild
  • 2009: Det hev ei rose sprunge (juleplate)
  • 2010: Det hev ei rose sprunge (2010-versjon med to nye innspelingar)
  • 2010: Kurt Nilsen – Have Yourself a Merry Little Christmas («Gje meg handa»)
  • 2013: Svalbard
  • 2014: Godnatt, min skatt
  • 2014: Stormy Nights (Single)

Roller som skodespelar[endre | endre wikiteksten]

  • Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga (1998 og 1998)
  • Vildanden – Hedvig
  • Nattergalen – Hovudrolle (2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]