Gjeldsoppgjeret med Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjeldsoppgjeret med Danmark er nemninga på delinga av den felles dansk-norske statsgjelda som fann stad etter oppløysninga av Danmark-Noreg i 1814. Det opphavelege danske kravet da forhandlingane starta i 1815 var 6 millionar spesiedalar av ei anslått total dansk-norsk statsgjeld på 30 millionar spesiedalar.[1] Etter press frå stormaktane vart det i 1819 drøfta fram ei avtale der Noreg vart pålagt å betale Danmark 3 millionar riksdalar hamburger banco.[2]

I Noreg vart det stor motstand mot avtalen og den framkalla den mest dramatiske krisa i Unionen mellom Noreg og Sverige før sjølve oppløysninga i 1905. Da Stortinget vart samla i 1821 trua kong Karl Johan den norske nasjonalforsamlinga med troppesamling på Etterstad for å få avtalen godkjend.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Sverre Steen 1954, s. 29
  2. Bjørgo, Rian, Kaartvedt (1995), 250
  3. Bjørgo, Rian, Kaartvedt (1995), 251

Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur