Poul Christian Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Poul Christian Holst
Poul Christian Holst malt av Johan Görbitz - Eidsvoll 1814 EM.00677 - crop.jpg
Fødd 21. januar 1776
Røyken
Død

7. august 1863
Christiania

Poul Christian Holst på Commons

Poul Christian Holst (21. januar 17767. august 1863) var ein norsk embetsmann og politikar.

Holst var presteson frå Røyken i Buskerud. Han vart student 1792 og studerte fyrst teologi. Etter ei tid gjekk han over til jus og vart 1798 cand.jur. i København. Frå 1800 arbeidde han i ulike stillingar i rentekammeret i København. År 1806 vart han slottsfut på Akershus slott og fut i Aker og Follo. I 1813 vart han konstituert amtmann i Akershus, ei stilling han hadde i to år.

Holst deltok på notabelmøtet den 16. februar 1814. Han vart innvald til det overordentleg storting i 1814. 23. august 1814 vart han beordra til å ta styringa over fyrstedepartmentet og referere departementssakene i samla statsråd. 28. november 1814 utnemnd til statssekretær. Perioden 1817-21 var Holst kongeleg kommissær i København, i gjeldsoppgjeret med Danmark om statsfinansane frå tida før 1814.

Kongen utnemnde Holst til statsråd den 9. juli 1822. Han var så leiar av Justisdepartementet fram til 1837, då han vart overflytta til same posisjon i Kyrkjedepartementet. Avskjed frå statsrådet tok han 19. april 1848.

Holts memoarar, Efterladte Optegnelser om sit Liv og sin Samtid, vart utgjeven i 1876, og vert rekna som eit verdfullt bidrag til norsk historie. Holst var ein av dei tre fyrste mottakarane av St. Olavs Orden, då denne vart innstifta i 1847. Han var òg innehavar av Nordstjerneordenen og medaljen for borgardåd i gull.

Han døydde i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]