Hopp til innhald

Gjemselund stadion

60°11′43″N 11°59′14″E / 60.19528°N 11.98722°E / 60.19528; 11.98722

Gjemselund stadion

AdresseBrugata 47 B
2212 Kongsvinger
EigarKongsvinger kommune
Påbegynt1951
Opna14. juni 1953
UnderlagKunstgras
BrukararKongsvinger Idrettslag
Kapasitet6700[1]
Kart
Gjemselund stadion
60°11′43″N 11°59′14″E / 60.195278°N 11.987222°E / 60.195278; 11.987222

Gjemselund stadion er heimebanen til Kongsvinger og den fjerde heimebanen til klubben gjennom den over 100 år lange historia.

På byrjinga av 1900-talet trente laget ein del på det gamle torget som låg ved Vinger kyrkje, men då dette resulterte i knuste vindauge hos fortvilte naboar flytta ein til Lomsnæsløkka i nærleiken av stasjonen. Der spelte ein til rundt 1912 då ein flytta vidare til øvre Rasta (søraust i byen). Der spelte dei til rundt 1924, då formannskapet i byen endeleg vedtok å stille Winsnesløkka (i bydelen Øvrebyen) til disposisjon. Då denne vart meir eller mindre øydelagt under andre verdskrigen måtte noko gjerast, og KIL flytta altså til sin fjerde og noverande bane.

14. juni 1953 opna Gjemselund med ein fotballbane på 64 x 105 m, løpebane på 7,5 x 400 m, treningsbane 60 x 100 m, handballbane 25 x 50 m, tumleplass ca. 3 dekar, parkeringsplass ca. 2 dekar og tribunar for ca. 3000 tilskodarar. I tillegg stod òg garderobar, dusjar og klubbrom klart.

Kongsvinger kommune overtok Gjemselund stadion den 1. oktober 1963. Under kommunalt eigarskap vart ståtribunen bygd i 1982 og hovudtribunen med sitteplassar bygd i 1986/1987, før ny grasmatte vart lagt i 1990.

I 2008 etablerte kommunen, i samarbeid med KIL, Kongsvinger Sportsanlegg AS, som overtok ansvaret for drifting og utbygging av idrettsanlegga i byen, inkludert Gjemselund stadion. Det vart òg halde ein arkitektkonkurranse for heile Gjemselund-området der nytt stadionanlegg inngjekk. Den 5. april 2009 opna den nye kunstgrasbanen (med undervarme) offisielt med utseld seriestart mot lokalrivalen Hamarkameratene og same år fekk òg stadion fire splitter nye flaumlysmaster, og dessutan VIP-lokale og nye garderobar. Då opprykket til Tippeligaen vart klart seinare same år, vart òg ståtribunen delt i to og flytta bak kvart mål. Ein ny sittetribune på motsett side av hovudtribunen vart òg reist. Det vart i tillegg vedteke å fjerne løpebanen og dessutan flytte graset inntil hovudtribunen. Stadionet kan difor i dag berre brukast til fotball.

Framtidsplanar

[endre | endre wikiteksten]

I samband med at ein splitter ny ishall skal byggjast på Gjemselund kloss inntil fotballbanen, er planen at ein ny tribune bak søre mål blir ein del av hallen. I tillegg til dette må òg ein del av det gamle klubbhuset til KIL rivast. Det er òg planlagt ein «korridor» frå Gjemselund-porten og til fotballstadion.

Det er ikkje klart kor stor kapasitet den nye tribunen bak søre målet vil få, ei heller om han vil bli utstyrt med tak.

Frist for å leggje inn anbod var 29. august 2011 og byggestart var seinst 1. oktober 2011. Den nye ishallen, og følgjeleg òg den nye tribunen bak mål, vil etter planen stå klår 1. juli 2012.[2][3]

Publikumsrekordar

[endre | endre wikiteksten]

Publikumsrekorden frå 26. juni 1983 er på 6794 tilskodarar[4] og kom i seriekampen mot Vålerenga IF. Kapasiteten har siden blitt endra både av regelendringar og ombyggingar og ein får i dag ikkje sleppe inn meir enn rundt 6700 tilskodarar. Det kan òg nemnast at KIL har trekt så mange som 10 213 tilskodarar[4]. Denne kampen vart elles spelt på Ullevaal Stadion i 1993 og var den 2. rundekamp i UEFA-cupen for laget mot italienske Juventus.

De ti mest vitja kampane:

DatoMotstandarTurneringTilskodarar
26. juni 1983Vålerenga IFEliteserien6794
23. mai 1994Lillestrøm SKEliteserien6242
1. mai 1994RosenborgEliteserien6240
20. mai 1993RosenborgEliteserien5808
24. april 1983Lillestrøm SKEliteserien5456
5. juli 1992RosenborgEliteserien5364
8. mai 2010Vålerenga IFEliteserien5202
6. september 2003Ull/Kisa2. divisjon5024
24. juli 1991RosenborgNoregsmeisterskapen4996

Skøytebanen

[endre | endre wikiteksten]

Gjemselund stadion har òg arrangert meisterskap i hurtigløp på skøyter tidlegare og var arena for Junior allround-NM for herrar både i 1953 og 1977. Juniormeistrar då vart Ragnar Haraldsen, IF Herkules (1953) og Tom Erik Oxholm, IF Fram (1977). Dette vart Oxholms første juniormeisterskap av tre på rad. Under Junior-NM i 1977 vart det sett fire nye norske juniorrekordar, to av Oxholm (samanlagt liten firkamp og 5000m) og to av Frode Rønning, Leinstrand IL (500m og 1500m).

  1. Raabe, Jo (14. februar 2012). «Plass til flere». KIL Toppfotball. Henta 14. februar 2012.
  2. «Kongsvinger Knights - Arena». Kongsvinger Knights. Henta 10. august 2011.
  3. Fossen, Sigmund. «Glåmdalen - Plass til 2000 tilskuere». Glåmdalen. Henta 10. august 2011.
  4. 1 2 Raabe, Jo. «KIL Toppfotball - Historikk». KIL Toppfotball. Henta 8. januar 2011.