Gjermund Nilsson Skaar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjermund Nilsson Skaar
Fødd26. november 1814
Fyksesund
Død29. november 1892
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar, treskjerar, fotograf, bonde

Gjermund Nilsson Skaar (26. november 181429. november 1892) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå garden Skåro opp for austsida av Fyksesund i Kvam herad i Hordaland. Han var ordførar i heimkommunen i 13 år og møtte 1851-sesjonen på Stortinget.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Skaar var frå garden Skåro og tok over denne i 1841. Han dreiv garden til 1856, då den yngre broren Nils Nilsson Skaar kjøpte han. Dei to brørne bytte då gard, Gjermund tok over garden Botnen som Nils hadde drive. Berre tre år seinare måtte Gjermund gå frå Botnen. Same året som han tok over Botnen vart han lensmann i heimbygda, dette ombodet måtte han også forlate i 1859.

Sidan budde han mellom anna på Torpe og på prestegarden i Øystese. Under folketeljinga 1865 budde han i Øystese, og kalla seg fotograf. 1868 vart han tilsett som kyrkjetenar. Han dreiv elles med treskjering.

Skaar var 1842-56 med i heradstyret i heimkommunen Vikør. Frå 1844 til -56 var han ordførar. Medan han var ordførar var han og amtsrevisor og han var valmann til stortingsvala. 1851 vart han vald til stortingsmann for Søndre Bergenhus som fjerde representant. På tinget var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Til 1857-sesjonen vart han vald til andre varamann.

Gjermund Nilsson Skår var bror til Nils og Johannes Nilsson Skaar. Han døydde på husmannsplassen Torpestranda under garden Torpe.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914