Øystese
| Øystese | |||
| tettstad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Kvam | ||
| Areal | 1,89 km² | ||
| Folketal | 2 234 (2024) | ||
| Folketettleik | 1 182 / km² | ||
| Postnummer | 5604 ØYSTESE | ||
| Preposisjon | i Øystese | ||
![]() Øystese 60°23′17″N 6°11′33″E / 60.388055555556°N 6.1925°E | |||
| Wikimedia Commons: Øystese, Kvam | |||




Øystese er ein tettstad og eit sokn ved Hardangerfjorden i Kvam herad, om lag 7 km aust for Norheimsund. Fylkesveg 7 går gjennom bygda.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]I Øystese ligg skulpturmuseet etter bilethoggaren Ingebrigt Vik, og kunst- og konserthallen Kabuso som er tusenårsstadi Hordaland.
Natur og friluftsliv
[endre | endre wikiteksten]Fire kilometer nord for tettstaden ligg Skårsvatnet med fem fiskeartar: Gullvederbuk, karuss, aure, ål og trepigga stingsild. Vatnet har ei flatevidde på 82 dekar og ligg 113 meter over havet. Gullvederbuk og karuss vart utsett i vatnet i 1914,[treng kjelde] og førstnemnde har gjort Skårsvatnet kjent som "Gullfiskvatnet".
Øystese tettstad
[endre | endre wikiteksten]| Folketalsutvikling i Øystese tettstad | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Innbyggjarar | |||
| 1920 | 100 | |||
| 1930 | 109 | |||
| 1946 | 271 | |||
| 1950 | 233 | |||
| 1960 | 982 | |||
| 1970 | 1 459 | |||
| 1980 | 1 641 | |||
| 1990 | 1 483 | |||
| 2000 | 1 626 | |||
| 2009 | 1 758 | |||
| 2012 | 1 881 | |||
| Kjelder: | ||||
Øystese sokn
[endre | endre wikiteksten]Øystese sokn har om lag 2 750 (2013) innbyggjarar og femnar om dels sjølve tettstaden med omgjevand, dels bygdene runt Fyksesund, og i tillegg Kvamsøy ute i Hardangerfjorden. Tidlegare høyrde også Ålvik til Øystese, men det er i dag eit eige sokn.
Kjende personar frå Øystese
[endre | endre wikiteksten]- Ingebrigt Vik - bilethoggar
- Johannes Lofthus - skulemann
- Nils Gunnar Lie - journalist
- Knut Hjeltnes - diskoskastar
- Arne Johannessen - leiar Politiets Fellesforbund
- Torstein Lofthus - trommeslagar
- Frank Kjosås - skodespelar
- Heidi Marie Vestrheim - musikar og programleiar
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
