Glimåkra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 56°18′19.768″N 14°7′57.137″E

Glimåkra kyrkje frå 1838.
Foto: David Castor

Glimåkra er ein tettstad i Östra Göinge kommun i Skåne län i Sverige. I år 2005 hadde tettstaden 1 483 innbyggjarar.

Tettstaden Glimåkra oppstod langs jernbanelinja Kristianstad-Immelns (KIJ), som i 1886 blei forlenga til Glimåkra. I 1906 blei KIJ overteken av Kristianstad-Hässleholms järnväg (CHJ), som forlenga banen frå Glimåkra til Älmhult. I 1928 blei Glimåkra municipalsamhälle danna, dette blei oppløyst i 1960. Persontrafikken på jernbanelinja Kristianstad-Glimåkra-Älmhult blei nedlagt i 1969 (det blei køyrt godstrafikk på strekninga Kristianstad-Glimåkra inntil 1978). Glimåkra var ein sjølvstendig kommune fram til 1974, då han blei slått saman med Broby, Hjärsås og Knislinge til den nye Östra Göinge kommun.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]