Glomfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 18. oktober 2008 kl. 02:30 av 3s (diskusjon | bidrag) (interwiki)

Glomfjorden er ein fjord i Meløy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 19 km austover til Fykan i botn av fjorden.

Fjorden startar i vest mellom GjersholmenMeløy i nord og Vassdalsvik i sør. Mellom desse to stadane går det ferjesamband, samt nordover til Ørnes. Aust for Meløya ligg øyane Skjerpa og Mesøya på nordsida av fjorden. Glomneset er eit langt og smalt nes som stikk ut i fjorden frå fastlandet aust for Mesøya. Mellom desse går sundet Eidet nordover til Ørnes. Sandåvika ligg på austsida av Glomneset og i denne bukta ligg bygdene Sandåga og Neverdal. Litt lenger søraust ligg grenda Selstad. Tettstaden Glomfjord ligg på nordsida heilt inne i fjorden. Sjølve botnen av fjorden endar i ein fjellvegg ved Fykan som stig 883 meter nesten rett til vêrs. I Fykan ligg Glomfjord kraftstasjon, kjent for aksjonen ”Operasjon muskedunder” i september 1942 då kommandosoldatar tok seg over fjellet frå Bjærangsdalen og saboterte planlagt aluminiumsproduksjon i Glomfjord ved å sprengje rørgater til kraftstasjonen.

Riksveg 17 går langs nordsida av fjorden.