Gloria Swanson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gloria Swanson
Gloria Swanson-James Abbe 1921.jpg
Fødd27. mars 1899
FødestadChicago
Død4. april 1983 (84 år)
DødsstadNew York by
Aktive år1914–1981
Verka somskodespelar, filmprodusent, sjølvbiograf, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar
MorAdelaide Klanowski
FarJoseph T. Swanson
EktefelleWallace Beery (1916–1919)
Herbert K. Somborn (1919–1922)
Henri de la Falaise (1925–1931)
Michael Farmer (1931–1934)
George Davey (1945–1948)
William Dufty (1976–1983)
BornGloria Somborn, Michelle Bridget Farmer
Gloria Swanson fotografert heime i New York i 1972
Foto: Allan Warren

Gloria Swanson (født 27. mars 1899, død 4. april 1983) var en amerikansk filmskodespelar.

Swanson blei fødd i Chicago som Gloria May Josephine Svensson som det einaste barnet til Adelaide (fødd Klanowski) og Joseph Theodore Swanson (fødd Svensson), ein svensk-amerikansk soldat.[1] Fordi faren arbeidde i hæren flytta familien ofte, og Swanson budde delar av barndommen i Key West i Florida og på Puerto Rico, der ho såg sine fyrste filmar.[2]

Gloria hadde filmdebut i 1915 som statist i The Fable of Elvira and Farina and the Meal Ticket, men allereie neste år var ho ei stjerne, i A Dash of Courage. Ho spelte i mange av Mack Sennett sine slapstick-komediar. I 1919 skreiv ho kontrakt med Cecil B. DeMille, som gjorde henne til hovudrolleinnehavar i fleire romantiske filmar. Hun spelte i stumfilmen Beyond the Rocks frå 1922 med Rudolph Valentino.

Dronning Kelly frå 1929 blei regissert av Erich von Stroheim og produsert av Joseph P. Kennedy sr., far til den seinare amerikanske presidenten John F. Kennedy.

Oscarnominasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1929 – Beste kvinnelege hovudrolle – Sadie Thompson
  • 1930 – Beste kvinnelege hovudrolle – The Trespasser
  • 1951 – Beste kvinnelege hovudrolle – Sunset Blvd.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Gloria Swanson var gift seks gonger. Ho fødde to døtrer og adopterte ei tredje.

  1. Skodespelaren Wallace Beery i 1916. Dei skilde seg i 1919.
  2. Herbert K. Somborn, eigaren av The Brown Derby Restaurant, i 1919. Dotter deira Gloria blei fødd i 1920. Dei blei skilde i 1923.
  3. Den franske aristokraten marquis Henry de la Falaise, 1925-1930.
  4. Michael Farmer i 1931. Dei fekk ei dotter saman, Michelle Bridget Farmer. Ekteskapet ende i skilsmisse i 1934.
  5. William N. Davy, 1945-1946.
  6. Det siste ekteskapet til Swanson var med William Dufty, forfattaren av Lady Sings the Blues, i 1976.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kortfilm (utval)
År Tittel Rolle Kommentar
1915 The Misjudged Mr. Hartley Maid
1915 At the End of a Perfect Day Hands Bouquet to Holmes ikkje kreditert
1915 The Ambition of the Baron Birolle
1915 His New Job Stenographer ikkje kreditert
1915 Sweedie Goes to College College Girl
1915 The Broken Pledge Gloria
1916 Sunshine
1916 A Dash of Courage
1916 Hearts and Sparks
1916 A Social Cub
1916 The Danger Girl Reggies søster
1916 Haystacks and Steeples
1916 The Nick of Time Baby
1917 Den falske arving Gloria Dawn, His Sweetheart
1917 Baseball Madness
1917 Dangers of a Bride
1917 Whose Baby?
1917 The Sultan's Wife Gloria
1917 The Pullman Bride The Girl
1922 A Trip to Paramountown seg sjølv
1925 Gloria Swanson and Thomas Meighan seg sjølv
Spelefilm
År Tittel Rolle Kommentar
1918 Society for Sale Phylis Clyne
1918 Her Decision Phyllis Dunbar rekna som tapt
1918 Station Content Kitty Manning
1918 You Can't Believe Everything Patricia Reynolds
1918 Everywoman's Husband Edith Emerson
1918 Shifting Sands Marcia Grey
1918 The Secret Code Sally Carter Rand rekna som tapt
1918 Wife or Country Sylvia Hamilton rekna som tapt
1919 Don't Change Your Husband (Ægtemænd) Leila Porter
1919 For Better, for Worse (I ondt og godt) Sylvia Norcross
1919 Male and Female (Hankjøn og hunkjøn) Lady Mary Lasenby
1920 Why Change Your Wife? (Hvorfor bytter du hustru?) Beth Gordon
1920 Something to Think About Ruth Anderson
1921 The Great Moment (Det store Øieblik) Nada Pelham/Nadine Pelham rekna som tapt
1921 The Affairs of Anatol (Anatols affærer) Vivian Spencer – Anatol's Wife
1921 Under the Lash (Under pisken) Deborah Krillet rekna som tapt
1921 Don't Tell Everything (Hans private hemmelighet) Marian Westover rekna som tapt
1922 Her Husband's Trademark (Lokkeduen) Lois Miller
1922 Her Gilded Cage (Det gyldne bur) Suzanne Ornoff rekna som tapt
1922 Beyond the Rocks (Gjennem braatt og brand) Theodora Fitzgerald
1922 The Impossible Mrs. Bellew (Den umulige Mrs. Bellew) Betty Bellew rekna som tapt
1922 My American Wife (Min amerikanske hustru) Natalie Chester rekna som tapt
1923 Prodigal Daughters (Vildfugl) Swifty Forbes rekna som tapt
1923 Bluebeard's 8th Wife (Blaaskjægs 8de Hustru) Mona deBriac rekna som tapt
1923 Hollywood gjesterolle rekna som tapt
1923 Zaza (-) Zaza
1924 The Humming Bird (Lokkefuglen fra Montmartre) Toinette
1924 A Society Scandal (Societetsskandalen) Marjorie Colbert rekna som tapt
1924 Manhandled (Mændenes moral) Tessie McGuire
1924 Her Love Story (Elskovsrus) Princess Marie rekna som tapt
1924 Wages of Virtue (Kasernens kjæledægge) Carmelita rekna som tapt
1925 Madame Sans-Gêne Madame Sans-Gêne rekna som tapt
1925 The Coast of Folly (Livets karneval) Joyce Gathway/Nadine Gathway rekna som tapt
1925 Stage Struck (Hendes store drøm) Jennie Hagen
1926 The Untamed Lady (Jeg gjør, som jeg vil) St. Clair Van Tassel rekna som tapt
1926 Fine Manners (Kom som du er) Orchid Murphy
1927 The Love of Sunya (Sunya) Sunya Ashling produsent
1928 Sadie Thompson (-) Sadie Thompson produsent
1929 Dronning Kelly Kitty Kelly/Queen Kelly produsent
1929 The Trespasser (Hans første hustru) Marion Donnell
1930 What a Widow! (For en enke!) Tamarind Brook produsent; rekna som tapt
1931 Indiscreet (Indiskret) Geraldine "Gerry" Trent
1931 Tonight or Never (Inatt eller aldri) Nella Vago
1933 Perfect Understanding Judy Rogers produsent
1934 Music in the Air (Musikk i luften) Frieda Hotzfelt
1941 Father Takes a Wife Leslie Collier Osborne
1950 Sunset Boulevard Norma Desmond
1952 Three for Bedroom "C" Ann Haven kostymedesign
1956 Nero's Weekend Agrippina
1972 Chaplinesque, My Life and Hard Times stemme
1974 Katastrofealarm - Airport 1975 seg sjølv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Quirk 1984, s. 15, 17.
  2. Welsch 2013, s. 9–11.