Rudolph Valentino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rudolph Valentino
Rudolph Valentino.jpg
Fødd6. mai 1895
FødestadCastellaneta
Død23. august 1926 (31 år)
DødsstadNew York by
FødenamnRodolfo Alfonso Raffaello Piero Filiberto Guglielmi di Valentina d'Antoguolla
Aktive år1914–1926, 1926
Verka somskodespelar, filmskodespelar
EktefelleNatacha Rambova, Jean Acker
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Rudolph Valentino (6. mai 189523. august 1926) var ein italiensk-amerikansk skodespelar.[1]

Med tilnamnet «Den store elskaren» var han det første verkelege mannlege sexsymbolet i filmhistoria. Han har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Barndom og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Valentino var fødd i Castellaneta i Italia same året som filmkameraet blei oppfunne (1895). Han var det tredje barnet til foreldra sine, og det fulle namnet hans var Rodolfo Alfonso Raffaello Piero Filiberto Guglielmi di Valentina d'Antoguolla. Familien hadde i alt fire barn, men to jenter døydde som barn.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Rudolph Valentino var kreativ og belest var han ein vanskeleg student. Han protesterte mot rutinane i klasserommet, og trassa lærarane. Ein har gått ut frå at den vanskelege åtferda hans delvis kjem av at far hans døydde i 1906, då Valentino sjølv var elleve år.

Som femtenåring i 1910 prøvde han å koma inn ved ein militærskule, men fekk ikkje plass der fordi han ikkje tilfredsstilte dei fysiske krava. Brystkassa hans skal ha vore ein tomme for liten i omkrein. Han enda opp med å studera jordbruk ved Nervi i Genova.

Etter studiet var han ei tid i Paris, der han blant anna lærte å dansa. Etter dette reiste han tilbake til Italia.

New York[endre | endre wikiteksten]

I 1913 forlét Valentino Italia for USA, etter råd frå venen Domenico Savino. Han kom fram til New York første juledag 1913. Etter å ha brukt opp ein liten arv levde han i fattigdom og forsørgde seg med småjobbar som å rydda borda i restaurantar og å stella hagar.

Til slutt fekk han fleire dansejobbar. Han jobba som profesjonell dansepartnar i selskap, danseinstruktør, og seinare òg oppvisingsdansar. Han blei kjend i selskapslivet for framføringar av den argentinske selskapsdansen tango.

Hollywood og det første ekteskapet[endre | endre wikiteksten]

Valentino slutta seg til ein operette-selskap som reiste til Utah og så blei oppløyst. Han reiste derfrå til San Francisco, der han møtte skodespelaren Norman Kerry som overtalte han til å prøva på ein karriere i filmen, som enno var i stumfilmperioden.

I 1919, etter ei rekkje småroller der han oftast spelte roller som gangster eller bølle, gifta han seg med Jean Acker, ei filmstjerne av delvis cherokeeopphav (som seinare stod fram som lesbisk). Det gjekk rykte om at ekteskapet deira aldri blei fullbyrda – Acker hadde visstnok låst Valentino ute av hotellrommet deira på brylluspnatta – og sjølv om han prøvde å berga ekteskapet blei dei to separerte kort etter, og dei blei skilde i 1922.

Sheiken[endre | endre wikiteksten]

Valentino møtte manusforfattaren June Mathis, som var blitt imponert av rolla hans som «kabaret-parasitt» i The Eyes of Youth. Ho foreslo for regissøren Rex Ingram at Valentino kunne få ein av hovudrollene i Ingram sin neste film, De fire Ryttere. Då filmen kom ut i 1921 blei han ein suksess både kommersielt og blant kritikarane, og gjorde Valentino til ei stjerne. Denne suksessen gav han den legendariske hovudrolla hans i Sheiken.

Andre ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Valentino møtte Natacha Rambova (kostymedesignar og art director) første gong på settet til Uncharted Seas i 1921. Dei to jobba òg saman på filmen Kameliadamen, og hadde då innleidd eit romantisk forhold. Dei gifta seg den 13. mai 1922 i Mexicali i Mexico. Dette førte til at Valentino blei fengsla for bigami, sidan skilsmissa frå Acker enno ikkje var fullført. Lovverket i California på denne tida kravde at skilde par måtte venta eit heilt år frå skilsmissa før dei kunne gifta seg på nytt. Valentino og Rambova gifta seg på nytt eit år seinare.

Blood and Sand frå 1922 med Lila Lee og vampen Nita Naldi bekrefta Valentino som den fremste stjerna i si tid. I 1923 førte derimot ei usemje med Paramount Pictures til at Valentino ved dom fekk forbod mot å laga filmar med andre produsentar. For å sikra at namnet hans heldt seg i søkelyset til publikum drog Valentino ut på ein landsomfattande danseturné etter forslag frå manageren sin George Ullman.

På denne tida reiste han òg til Europa og hadde eit minneverdig besøk i heimbyen sin. Då han kom tilbake til USA blei han kritisert av fansen for det nyanlagte skjegget sitt, og måtte barbera det vekk.

14. mai 1923 gjorde Valentino si einaste plateinnspeling, som bestod av eigne versjonar av Amy Woodforde-Finden sin «Kashmiri Song» som blei brukt i Sheiken og Jose Padilla sin «El Relicario» frå Blood and Sand.

United Artists[endre | endre wikiteksten]

I 1925 skreiv Valentino ein ny kontrakt med United Artists. Denne inneheldt ein klausul om at kona hans ikkje hadde tilgang til settet der filmane hans blei spelte inn (ein rekna med at det at ho var til stades hadde forseinka tidlegare produksjonar som Monsieur Beaucaire). Han blei separert frå Rambova kort tid etter, og hadde ein affære med den polske skodespelaren Pola Negri.

I denne perioden spelte han inn to av dei mest kritikarroste og suksessfulle filmane sine, The Eagle, basert på ei historie av Aleksandr Pusjkin, og Sjeikens sønn, ein oppfølgjar til Sheiken, begge med den populære ungarskfødde skodespelaren Vilma Bánky i kvinneleg hovudrolle.

Chicago Tribune[endre | endre wikiteksten]

I juli 1926 blei Valentino angripen i ein anonym leiarartikkel i The Chicago Tribune der forfattaren skulda Valentino for å feminisera den amerikanske mannen. Dette angrepet var forårsaka av ein pudderdispenser forfattaren hadde sett på eit offentleg toalett. Valentino blei rasande og svara med å utfordra forfattaren til ein boksekamp, men fekk aldri noko svar på utfordringa. Kort tid etter dette hadde Valentino middag med den kjende journalisten H.L. Mencken for å få råd om korleis han best kunne handtera sladder. Mencken uttalte seinare at han syntest Valentino var ein hyggeleg gentleman, og skreiv svært sympatisk om han i ein artikkel som kom på trykk i Photoplay nokre månader etter at Valentino døydde.

Dødsfallet[endre | endre wikiteksten]

15. august 1926 kollapsa Valentino på Hotel Ambassador i New York. Han blei teken til sjukehus og operert for ein punktert byll. Operasjonen gjekk bra, og det verka som om han var i ferd med å bli betre då han fekk bukhinnebetennelse som spreidde seg til heile kroppen. Åtte dagar seinare døydde han, 31 år gammal.

Gravferda[endre | endre wikiteksten]

Kring 100 000 menneske var i gatene i New York for å visa Valentino den siste æra ved gravferda hans. Dette var eit drama i seg sjølv, vindauge blei knust då fansen prøvde å koma seg inn, og det viste at seg at dei fire italienske æresvaktene som hevda at dei var sende av Benito Mussolini i røynda var skodespelarar som var leigde inn for å skaffa endå meir publisitet om hendinga

Gravferdssmessa hans i New York blei halden i Saint Malachy's Roman Catholic Church, ofte kalla «skodespelarkapellet», sidan ho ligg ved West 49th Street i nærleiken av teatera på Broadway. Under gravferda fekk Pola Negri eit hysterisk anfall og blei liggjande gråtkvalt over kista.

Liket blei frakta med tog tvers over landet til vestkysten, og det blei halde ei ny gravferd i The Catholic Church of the Good Shepherd. Leivningane til Valentino blei gravlagde i Hollywood Forever Cemetery i Hollywood i California.

Valentino i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Ian Thomas viser til Valentino i songen «Right Before My Eyes»
  • The Bangles nemner Valentino i hitlåten «Manic Monday», skriven av Prince.
  • Queen viser til Valentino i songen «Good Old-Fashioned Lover Boy».
  • Valentino er ein av fleire kjende som er omtalte i «Celluloid Heroes» av The Kinks.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 1917 Alimony
  • 1918 A Society Sensation
  • 1918 All Night
  • 1918 Kvindekongen (The Married Virgin)
  • 1919 Kitty fra Kvisten: En liten Danserindes Roman (The Delicious Little Devil)
  • 1919 The Big Little Person
  • 1919 A Rogue's Romance
  • 1919 The Homebreaker
  • 1919 Out of Luck
  • 1919 Virtuous Sinners
  • 1919 The Fog
  • 1919 Spøkenatten hos de nygifte (Nobody Home)
  • 1919 The Eyes of Youth
  • 1920 Stjaalne øieblikke (Stolen Moments)
  • 1920 An Adventuress
  • 1920 The Cheater
  • 1920 Passion's Playground
  • 1920 Once to Every Woman
  • 1920 The Wonderful Chance
  • 1921 De fire Ryttere (The Four Horsemen of the Apocalypse)
  • 1921 Et drama i Polarisen (Uncharted Seas)
  • 1921 Conquering Power
  • 1921 Kameliadamen (Camille)
  • 1921 Sheiken (The Sheik)
  • 1922 Sjøsprøit (Moran of the Lady Letty)
  • 1922 Beyond the Rocks
  • 1922 Blod og sand (Blood and Sand)
  • 1922 The Young Rajah
  • 1924 Monsieur Beaucaire
  • 1924 En hellig djævel (A Sainted Devil)
  • 1925 Cobra
  • 1925 Ørnen (The Eagle)
  • 1926 Sjeikens sønn (The Son of the Sheik)


Valentino skal òg i starten av karrieren ha medverka i følgjande filmar:

  • 1914 The Battle of the Sexes
  • 1914 My Official Wife
  • 1916 Seventeen
  • 1914 The Foolish Virgin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Store norske leksikon» (på norsk). Henta 31. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rudolph Valentino

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Emily Leider (2003), Dark Lover: The Life and Death of Rudolph Valentino, (ISBN 0-374-28239-0).
  • Jeanine Basinger (1999), chapter on Valentino in Silent Stars, (ISBN 0-8195-6451-6).