Gnistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gnistan eller M–L-Gnistan var ei svensk venstreside-avis som kom ut frå 1967 til 1989, i dei fleste åra som vekeavis. Ho vart utgjeven av Kommunistiska förbundet marxist-leninisterna (KFML), ein organisasjon som sidan bytte namn til Sveriges Kommunistiska Parti (SKP) - og endå seinare til Solidaritetspartiet.

Gnistan tente som eit svensk forbilete då den norske avisa Klassekampen vart etablert i 1969. [1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gnistan vart starta i 1967 blant folk i opposisjon i det gamle SKP, seinare kalla Vänsterpartiet Kommunisterna (VPK). Initiativet vart teke av ei gruppe rundt Nils Holmberg. I 1965 hadde Holmberg starta det meir teoretiske tidsskriftet Marxistisk Forum. No ville dei lage noko avisprega, eit nytt «regelbundet - helst en gång i veckan - utkommande informations- och propagandaorgan, som kompletterar MF».[3]

Første nummer av Gnistan kom i april 1967, og var ein enkel stensilert trykksak i folioformat. [4] Opplaget var 500 eksemplar. [5] Då KFML vart danna midtsommars same år vart Gnistan det nye forbundet sitt sentrale organ. Ho vart snart ei offsettrykt avis, og opplaget auka raskt.

I 1970 vart KFML splitta, då ei gruppe med tyngdepunkt i Gøteborg forlét organisasjonen, danna KFML(r) og starta sin eiga avis Proletären. Dette ramma Gnistan hardt, sidan trykkeriet og heile apparatet rundt avisa låg i Gøteborg. Splittinga førde òg til eit kort opphald i utgjevinga av Gnistan.[6]

På første delen av 1970-talet voks likevel avisa. Ved årsskiftet 1971-72 flytta ho frå Gøteborg til Stockholm. Gnistan vart etter kvart vekeavis i tabloidformat. Avisa la vekt på å mobilisere lesarar og medlemmar i utgjevarorganisasjonen til å skrive, og midt på 70-talet hadde Gnistan lokale korrespondentar på 34 ulike plassar i Sverige, einskilde stader organisert som små lokale redaksjonar.[7] I 1976 nådde Gnistan eit opplag på 17 000. Avisa hadde meir enn 6000 faste abonnentar, vart selt på gater og torg og distribuert i svenske Pressbyrån (a la norske Narvesen). Då vart ho òg gjeven ut i finskspråkleg versjon, Kipinä, tolv gonger i året.[8] På denne tida hadde SKP ambisjonar om å gjere Gnistan til dagsavis.[9]

Fire år seinare måtte SKP oppsummere splid og motgang for organisasjonen og avisa: I 1980 hadde mengda abonnentar falle til om lag 4000, og laussalet til om lag 3000.[10] Kampanjen for å gjere Gnistan til dagsavis vart no karakterisert som ønskjetenking; basert på «ett stort mått av subjektivism».[11] I 1984 var mengda abonnentar falle til 2000. Fallet i laussalet var endå meir dramatisk.[10]

I 1986 skifta SKP namn til Solidaritetspartiet, og vedtok eit partiprogram utan bindingar til nokon kommunistisk tradisjon: «M-L» vart kutta frå namnet til avisa, som vart omdøypt til Solidaritets-Gnistan. Dei siste åra ho kom ut vart ho publisert berre kvar tredje veke, og då avisa til slutt vart lagt ned ved utgangen av 1989 vart abonnentane tilbode å få tilbake uteståande pengane sine.[8]

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Kilder[endre | endre wikiteksten]

  1. ”Avisa Klassekampen blei planlagt [..] Inspirasjonen til hva slags avis vi skulle ha, var henta fra Gnistan i Sverige”. Sitat frå Pål Steigan, gjengitt frå boka Rødt. På barrikadene for AKP og RV. Erling Folkvord. Forlaget Millennium (1998) ISBN 82-517-8931-1
  2. "De svenske m-l-erne hadde mye av det vi bare drømte om [..] de hade Gnistan [..]". Fra boka På den himmelske freds plass. Pål Steigan Aschehoug (1985) ISBN 82-03-15179-5
  3. Frå opprop i Gnistan nr 1 1967
  4. Intervju med Nils Holmberg i boka Avspark! - tio år med Gnistan, Oktoberförlaget 1977 ISBN 91-7242-117-7
  5. Gnistan - ditt vapen mot stat och kapital. Hefte frå Gnistan. Oktoberförlaget (1977) ISBN 91-7242-100-2
  6. Frank Baude: Mot strömmen - om 30 år i svensk vänsterpolitikk, KPML(r) (2000) ISBN 91-7384-052-1
  7. ABC i röd journalistik. Handbok för Gnistans lokalkorrespondenter. Udatert, hefte utgitt av Gnistans redaksjon, Stockholm.
  8. 8,0 8,1 Lars Åke Augustsson & Stig Hansén: Maoisterna. Ordfront förlag, Sverige (1997) ISBN 91-7324-544-5
  9. SKP: Dokument från Sveriges Kommunistiska Partis andra kongress. Side 60. Ordfront förlag, Stockholm, Sverige (1976) ISBN 91-7242-076-6
  10. 10,0 10,1 Partiets arbete 1980-84, frå utkast till Politisk rapport 1980-84 i SKPs blad PartiArbete, mai 1984
  11. SKP: Partistyrelsens politiska rapport til SKPs 3:e kongress 1980. Oktober stensilservice ab, Stockholm, Sverige (1981)