Gonzalo Higuaín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gonzalo Higuaín
GHiguain.jpg
Personleg informasjon
Namn Gonzalo Gerardo Higuaín
Fødselsdato 10. desember 1987
Fødestad Brest i Frankrike
Høgd 184 cm
Posisjon Spiss, ving
Klubbinformasjon
Spelar for Real Madrid
Draktnummer 20
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2004-07
2007-
Argentina River Plate
Spania Real Madrid
32 (15)
110 (59)
Landslag**
2009- Argentina Argentina 4 (2)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 16. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

Gonzalo Gerardo Higuaín (fødd 10. desember 1987 i Brest i Finistère-departementet i Frankrike) er ein argentinsk fotballspelar som spelar for Real Madrid i spansk Primera Division, og for Argentina sitt landslag. Higuaín vart fødd i Frankrike, då faren var profesjonell fotballspelar der, men allereie då han var 10 månader gammal flytta familien attende til Argentina. Han kunne velja om han ville spela for det franske eller argentinske landslaget, men valde Argentina.