Lionel Messi
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Lionel Andrés Messi | ||
| Fødd | 24. juni 1987 (39 år) | ||
| Fødestad | Rosario | ||
| Høgd | 170 cm | ||
| Posisjon | Ving /spiss | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Paris Saint-Germain | ||
| Nummer | 30 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1995-2000 2000-04 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2004-05 2004-2021 2021- |
|
22 (6) 520 (474) 1 (0) | |
| Landslag | |||
| 2005- |
| 123 (61) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. februar 2018 ‡ Landslagsmål oppdatert 11. november 2017 | |||
Lionel Andrés Messi (fødd 24. juni 1987 i Rosario i Santa Fe-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som spelar for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1, og på Argentina sitt landslag.
Messi begynte å spela fotball i ung alder, og talentet hans vart raskt oppdaga av Barcelona. Han forlet Rosario-klubben Newell's Old Boys sitt ungdomslag i 2000 og flytta til Europa med familien, då Barcelona tilbaud han behandling for veksthormonsjukdommen hans. Han debuterte for Barcelona i 2004/05-sesongen og sette ny rekord for yngste fotballspelar i ein spansk ligakamp, og dessutan yngstemann til å skåra ligamål. Han fekk gjennombrotet sitt i 2006/07-sesongen då han vart fast på førstelaget, skåra hat-trick i det klassiske oppgjeret mot Real Madrid og enda sesongen med 14 mål på 26 ligakampar. I 2008/09-sesongen skåra Messi 38 mål då Barcelona vann tre ulike meisterskap. Han har vore med på å vinna den spanske seriemeisterskapen med Barcelona i 2005, 2006, 2009, 2010, 2011 og 2013, den europeiske Meisterligaen i 2006, 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011. Dei fem siste sesongane, frå 2009/10-sesongen av, har han vore klubben sin toppskårar i serien.
Messi var toppskårar i ungdomsverdsmeisterskapen i 2005, med seks mål. Ikkje lenge etterpå vart han eit fast innslag på Argentina sitt A-landslag. I 2006 vart han yngste argentinar som hadde spelt i VM i fotball. I 2008 var han med på å vinna fotballkonkurransen under sommar-OL i Beijing.
Han vart kåra til årets fotballspelar i verda av FIFA i 2009, 2010, 2011, 2012 og 2015.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 16. mars 2010.