Good bye, Lenin!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Good Bye, Lenin!
OpphavslandTyskland Edit this on Wikidata
SpråkTysk Edit this on Wikidata
Sjangerdramafilm, oppvekstfortelling, filmkomedie
RegissørWolfgang Becker Edit this on Wikidata
ManusWolfgang Becker, Bernd Lichtenberg, Achim von Borries, Hendrik Handloegten, Christoph Silber Edit this on Wikidata
MedverkandeDaniel Brühl, Katrin Sass, Tsjulpan Khamatova, Maria Simon, Alexander Beyer, Florian Lukas, Christine Schorn, Michael Gwisdek, Burghart Klaußner, Jürgen Holtz, Jochen Stern, Stefan Walz, Hans Uwe Bauer, Martin Brambach, Ernst-Georg Schwill, Marc Bischoff, Peter Kurth, Arndt Schwering-Sohnrey, Jürgen Vogel, Mennan Yapo, Bojan Heyn, Fritz Roth, Armin Dillenberger, Svea Timander, Hanna Schwamborn, Michael Gempart, Helmut Kohl, Sarah Tkotsch, Harald Juhnke, Willy Brandt, Erich Honecker, Michael Gerber Edit this on Wikidata
SjeffotografMartin Kukula Edit this on Wikidata
Lengd121 minutt Edit this on Wikidata

Good bye, Lenin! er ein tysk tragikomisk film som vart lansert internasjonalt i 2003. Filmen vart iscenesett av Wolfgang Becker.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Filmen går føre seg i Berlin og fortel soga til [[DDR[[-slekta Kerner. Han byrjar sumaren 1978, då legen Robert Kerner flyktar til vesten og lèt kona si Christiane og dei to borna deira Alexander og Ariane bli i DDR. Christiane er i utgangspunktet ikkje særleg oppglødd for DDR sin politikk, men etter tunge nedtrykkingar byrjar ho å gå sterkt inn for sosialismen.

Elleve år seinare, den 7. oktober 1989, er mora i samband med 40-årsjubileet for DDR sitt tilvære invitert til ei mottaking i Palast der Republik. Undervegs til mottakinga vert ho tilfeldig vitne til ein demonstrasjon der sonen Alexander deltek. Då ho ser at demonstrasjonen vert slegen ned av folkepolitiet og Alexander vert arrestert, bryt ho saman og fell i koma.

Få veker seinare fell muren og kommunistregimet. For Kerner-familien endrar livet seg au. Verksemda der Alexander jobbar vert lagt ned, men so får han jobb som satellitt-TV-seljar. Dessuten forelskar han seg i den russiske sjukepleiarstudenten Lara. Systera hans Ariane gjev opp økonomistudiane, får jobb på Burger King og forelskar seg i ein «klassefiende» (vesttyskar), Rainer. I juni 1990 vaknar plutseleg mora opp att fra koma.

Ettersom den minste opphissing vil vere farleg for ho, bestemmer borna at ho ikkje må få vite om dei djuptgripande endringane dei siste månadane. Dette viser seg imidlertid å bli stadig vanskelegare. Framfor vindauget hennar blir det det sett opp ein kjempemessig Coca-Cola-reklame. Typiske DDR-produkt som Spreewaldagurker og Rotkäppchen-sekt vert stadig vanskelegere å få tak i. Og etter at ho har fått overtalt sonen til å setja opp eit fjernsyn framfor senga si, må han saman med kameraten Denis kvar aften spela inn falske «Aktuelle Kamera»-nyhetssendingar. Slik får det DDR Alexander skaper etter kvart sitt eige liv.

Etter at mora saman med Alexander, Lara, Ariane og Rainer har blitt køyrde til Datscha (DDR-språk for feriehus) med bind for augo fortel ho borna om si store livslygn. Mannen hennar hadde ikkje, slik ho hadde hevda, forlate ho til fordel for ei anna kvinne, men ville at ho skulle koma etter han til vesten saman med borna. Som lege hadde regimet gjort livet vanskeleg for han av di han ikkje var partilem. Då han fekk moglegheit til å deltaka på ein konferanse i Vest-Berlin bestemte dei seg for å flykte. Mannen hadde skrive til dei gjennom flere år, men mora hadde aldri svart eller søkt om utreiseløyve. Ho fekk aldri til å taka steget og koma etter.

Same aften må ho plutseleg innleggjast på sjukehus. Alexander får til å finne faren att. Han bur i ein stor villa ved fasjonable Wannsee i Vest-Berlin og har stifta ein ny familie. Alexander overtaler han til å vitja mora, som ligg for døden, og som sitt siste ønske ynskjar ho å sjå ektemannen att.

Denis og Alex lagar ein siste «Aktuelle Kamera»-sending, der astronauten (kjend som Kosmonaut i DDR) Sigmund Jähn vert utnemnd til statsrådsformann i DDR, og DDR blir sameint med Vest-Tyskland på 41-årsdagen sin. Tre dagar etter den tyske sameininga døyr mora. Om mora fekk vita om sameininga gjev ikkje filmen fullstendig svar på; kort tid før faren vitja ho, forsøkte Lara å forklara henne korleis ting hang saman. Filmen endar etter at mora si oske vert send opp i ein rakett og sprengd ut i eit stort fyrverkeri.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikken er komponert av Yann Tiersen, bortsett frå Summer 78 versjonen sungen av Claire Pichet utan instrument. Kritikarar har framheva musikken som ein vesentleg del av filmens tragikomikk, nostalgi og poetiske venleik. Ein liten del av musikken er identisk med musikken Tiersen skreiv til filmen Den fabelaktige Amélie frå Montmartre.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Daniel Brühl (Alex), Chulpan Khanatova (Lara), Katrin Saß (Christiane), Maria Simon (Ariane), Florian Lukas (Denis), Alexander Beyer (Rainer), Michael Gwisdek (Klapprath), Ernst-Georg Schwill (taxisjåfør)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]