Yann Tiersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yann Tiersen

Fødd23. juni 1970 (53 år)
FødestadBrest i Frankrike
FødenamnYann Pierre Tiersen
OpphavFrankrike
Aktiv1995–
Sjangerminimalistisk musikk, nyklassisismen, rock
Instrumentpiano, multiinstrumentalist, vokal
PlateselskapVirgin, EMI, Mute Records
Verka somkomponist, songar, pianist, filmmusikkomponist, songar-låtskrivar
BornElliott Armen
Prisarridder av Ordre des Arts et des Lettres

Yann Pierre Tiersen (fødd 23. juni 1970) er ein fransk komponist og multiinstrumentalist.

Tiersen kjem frå Brest i Bretagne. Han har teke musikkutdanning ved musikkhøgskulane i Rennes, Nantes og Boulogne. I Frankrike fekk han gjennombrotet sitt då han gav ut albumet La Phare i 1998, men han slo gjennom internasjonalt då han komponerte filmmusikken til Den fabelaktige Amélie fra Montmartre frå 2001. Filmmusikken er prega av fiolinar, trekkspel og piano. Han har også komponert filmmusikken til La Vie Rêvée des Anges (1998), Alice et Martin (1998) og Qui Plume la Lune? (1999), samt Good bye, Lenin! (2003) og Tabarly (2008).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • La Valse des Monstres (1995)
  • Rue des Cascades (1996)
  • Le Phare (1998)
  • Black Session: Yann Tiersen Live. (1999)
  • L'Absente (2001)
  • C’était ici Live. (2002)
  • Les Retrouvailles (2005)
  • On Tour Live. (2006)
  • Dust Lane (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]