Helmut Kohl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helmut Kohl

Statsborgarskap Weimarrepublikken, Det tyske riket, Vest-Tyskland, Tyskland
Fødd 3. april 1930 i Ludwigshafen
Friesenheim
Død

16. juni 2017
Oggersheim

Yrke politikar, historikar, statsvitar, Tyske kanslarar
Språk tysk
Høgd 195 centimeter
Tittel Kanslar i Tyskland
Etterfylgjar Gerhard Schröder
Politisk parti Christlich Demokratische Union
Medlem av Christlich Demokratische Union
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Hans Kohl
Mor Cäcilie Kohl
Ektefelle Maike Kohl-Richter, Hannelore Kohl
Nettstad http://www.helmut-kohl.de/
Helmut Kohl på Commons

Helmut Josef Michael Kohl (3. april 193016. juni 2017) var ein tysk politikar frå partiet CDU (Kristelegdemokratane). Han var tysk kanslar frå 1982 til 1998.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kohl vart fødd inn i ein katolsk familie i Ludwigshafen i det sørvestlege Tyskland, ikkje langt frå grensa til Frankrike, og deltok som tenåringssoldat på slutten av andre verdskrigen. Han vart medlem av CDU i 1947 og studerte deretter jus og historie i Frankfurt og Heidelberg. Han avslutta studia med å ta doktorgraden i historie. Frå 1969 til 1976 var han statsminister i delstaten Rheinland-Pfalz, og vart deretter medlem av det føderale parlamentet. Samtidig vart han leiar for den konservative opposisjonen mot den daverande SPD-regjeringa til Helmut Schmidt.

Den 1. oktober 1982 tok han over som kanslar etter Schmidt, etter eit såkalla konstruktivt mistillitsforslag i parlamentet. Han var den lengst regjerande kanslaren sidan Otto von Bismarck da han vart etterfølgt av Gerhard Schröder den 27. oktober 1998, etter at SPD vann dei føderale vala. I likskap med Bismarck deltok Kohl òg i samlinga av Tyskland, dette skjedde etter slutten på den kalde krigen da kommunismen og Sovjetunionen braut saman, og Tyskland igjen vart eitt.

Helmut Kohl var leiar for CDU frå 1973 til 1998.

Tidleg i regjeringstida si vart han skyteskive for dei intellektuelle på venstresida. Han hadde ikkje store talegåver og meistra ikkje framandspråk. Av venstreradikale vart han ofte referert til som «pæra» (ty. die Birne). Dette var meint å vise både til kroppsforma og intellektet hans. Mot slutten av styret hans skjedde dette likevel sjeldnare, og i dag blir den politiske kløkta og handlingane hans rosa av mange. Ein finansskandale, der det vart avslørt at det franske oljeselskapet Elf Aquitaine på ordre frå den franske presidenten Mitterrand hadde gjeve millionar i ulovleg partistøtte til CDU, har svekka ettermælet hans. Avsløringa følgde i kjølvatnet av etterforskinga av storstilt korrupsjon i Frankrike. Denne etterforskinga vart leidd av Eva Joly. Kohl og dei franske venene hans har forsvart seg med at det ikkje låg nokon personlege motiv bak, og at alt dei gjorde var for Europa og for å fremje forsoning.

Helmut Kohl var gift med Hannelore Kohl og har to søner.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kohl har teke imot ei rekke utmerkingar.

I 1988 fekk han, saman med François Mitterrand, Karlsprisen for sine handlingar for fransk-tysk venskap og Europas framtid. I 1996 vart han utnemnd til æresdoktor ved det katolske universitetet i Leuven i Belgia.

11. desember 1998 vart Kohl utnemnd til æresborgar av Europa av de europeiske stats- og regjeringssjefane, som ros for arbeidet hans for europeisk samling. Denne utmerkinga var tidlegare berre tildelt Jean Monnet.

20. april 1999 vart han tildelt Presidentens fridomsmedalje av USAs president Bill Clinton.

Han mottok i 2004 Adalbertprisen frå den polske presidenten. Ved sidan av Konrad Adenauer er han den einaste som har fått det såkalla storkorset i spesiell utføring i Tysklands fortjenstorden.

Helmut Kohl er òg æresborgar av Frankfurt am Main og Berlin og vart i september 2005 utnemnd til æresborgar av heimbyen Ludwigshafen. Luxembourgs statsminister Jean-Claude Juncker var utdelar. Kohl er æresdoktor ved talrike universitet i inn- og utland.

I 2005 mottok Kohl òg Quadrigaprisen, utdelaren var Mikhail Gorbatsjov.

20. juni 2006 mottok Helmut Kohl den spanske Europaprisen i Yuste-klosteret ved Cáceres. Laudator Felipe González skildra Kohl som ein stor arkitekt for eit sameint Europa.

Kohls første ministerium 4. oktober 1982–29. mars 1983[endre | endre wikiteksten]

Kohls andre ministerium, 29. mars 1983–11. mars 1987[endre | endre wikiteksten]

Endringar i løpet av perioden

Kohls tredje ministerium, 12. mars 1987–17. januar 1991[endre | endre wikiteksten]

Helmut Kohl i Kreisau/Krzyzowa (Schlesia), 1989. Det var her nokre av dei tyskætta innbyggjarane sa til han at: «Helmut, du bist auch unser Kanzler» (Helmut, du er vår kanslar òg).

Endringar i løpet av perioden

Kohls fjerde ministerium, 18. januar 1991–15. november 1994[endre | endre wikiteksten]

Endringar i løpet av perioden

Kohls femte ministerium, 15. november 1994–27. oktober 1998[endre | endre wikiteksten]

Endringar i løpet av perioden

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Helmut Kohl