Gorakhpur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gorakhpur
by
none  Gorakhpur-tempelet
Gorakhpur-tempelet
Land Flag of India.svg India
Distrikt Gorakhpur
Areal 3 483,8 km²
Folketal 624 570 (2001)
Wikimedia Commons: Gorakhpur

Gorakhpur (hindi गोरखपुर, urdu گورکھپور) er ein by i den austeige delen av delstaten Uttar Pradesh i India. Byen har 677 236 innbyggjarar, og er administrasjonssenter i Gorakhpur distrikt. Han ligg ved Raptielva, rundt 65 km sør for grensa til Nepal og 11 mil aust for byen Faizabad.[1]

Byen blei til rundt 1400.[1] Han har namn etter asketen Gorakshanath, som verka på staden. I dag er han kjend for tempelet Gorakhnath Math.

I Mogulriket var Gorakhpur ein viktig garnisonsby. Han blei overteken av Det britiske austindiakompaniet i 1801, og var eit militært treningssenter i Britisk India. I 1934 blei han råka av eit øydeleggjande jordskjelv.[1]

Gorakhpur er i dag eit transportknutepunkt for veg og jernbane. Det fisnt også ein liten flyplass her for innanrikstrafikk.[1] Tekstilindustri, trykkeri, sukkerproduksjon og jernbanevedlikehald er viktige industriar.[1] Byen er hovudkvarter for Gita Press, det største forlaget for hinduskrifter i verda.[2]

Det lokale universitetet Deen Dayal Upadhyaya Gorakhpur University blei grunnlagd i 1956 og driv eit arkeologisk museum her.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Gorakhpur», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 25. august 2015, https://www.britannica.com/place/Gorakhpur, henta 20. mars 2017 
  2. Encyclopedia Britannica.