Uttar Pradesh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uttar Pradesh
hindi: उत्तर प्रदेश, urdu: اتر پردیش
Geografisk plassering

Delstat i India

Hovudstad Lucknow
Flatevidd

 - Rangering i India

238 566 km²

5.

Folketal (2001)

 - Rangering i India
 - Folketettleik

166 052 859

1.
696/km²

Grunnlagd 2. februar 1950
Offisielle språk hindi, urdu
Guvernør
Øvste minister
Ram Naik
Akhilesh Yadav
Nettstad www.upgov.nic.in

Uttar Pradesh (hindi/urdu 'nordleg provins'), ofte forkorta til U.P., er ein delstat nord i India. Den folkerikaste og femte største av dei indiske delstatane dekker ein stor del av Gangasletta. Han grensar til Nepal i nordaust i tillegg til dei andre sambandsstatane Uttarakhand, Himachal Pradesh, Haryana, Delhi, Rajasthan, Madhya Pradesh, Chhattisgarh, Jharkhand og Bihar. Lucknow er hovudstaden i staten, men høgsteretten ligg i Allahabad. Andre viktige byar er Noida, Agra, Mathura, Aligarh, Varanasi (Benares), Gorakhpur, Kanpur og Meerut.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.