Hopp til innhald

Gorno-Altajsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gorno-Altajsk
Горно-Алтайск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Republikken Altaj
Høgd 300 m
Areal 96 km²
Folketal 63 848 (1. januar 2025)[1]
Grunnlagd 1830
   Bystatus 1928
Postnummer 649000–649007
Retningsnummer (+7) 38822
Kart
Gorno-Altajsk
51°58′N 85°58′E / 51.96°N 85.96°E / 51.96; 85.96
Wikimedia Commons: Gorno-Altaysk

Gorno-Altajsk (russisk Го́рно-Алта́йск) er hovudstaden i Republikken Altaj i Russland og har om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg 3 641 km aust for Moskva.

Gorno-Altajsk er den einaste byen i republikken og ligg i den tronge Majmadalen ved foten av Altajfjella. Russisk-ortodokse misjonærar som kom til dalen i 1830 snubla over den vesle busetnaden Ulala, som på den tid bestod av nitten innfødde og tre russiske familiar. Neste år vart Ulala vald som staden for det første ortodokse misjonsstasjonen i Altaj og russiske nybyggjarar starta å flytte til landsbyen.

Ojrot autonome oblast vart oppretta i 1922 vart Ulala hovudstaden her. I 1928 fekk landsbyen status som by og i 1932 vart namnet endra til Ojrot-Tura. I 1948 innsåg dei sovjetiske styresmaktene omsider at dei innfødde stammene i området faktisk ikkje kalla seg sjølv for ojrotar og namnet på republikken vart endra til Gorno-Altaj autonome oblast (dvs. Fjell-Altaj autonome oblast) og med dette kom namnet på hovudstaden.

Gorno-Altajsk har ein del spreidd industri, Gorno-Altajsk lufthamn, eit teater, eit universitet og eit regionalt museum. Næraste jernbanestasjon er i Bijsk, 96 km unna.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gorno-Altajsk