Grønfjelldalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°21′17.003″N 14°38′22.654″E Grønfjelldalen er eit dalføre i Rana kommune. Dalen ligg på vestsida av Dunderlandsdalen, og er oppkala etter Grønfjellet, som når 1057 meter over havet.

Dalføret er rikt på mineral, spesielt kvarts, muskovitt, plagioklas, kalifeltspat, grafitt, sinkblende og blyglans.

Grønfjellåga renn gjennom dalen, og etter Henrikforsen og Dunderforsen munnar ut som ei side-elv til Ranelva ved Nevernes kyrkje. Av gardane i Grønfjelldalen er Kvannlia, Rabben og Granlisør for elva og Grønfjell, Lauvås, Granheim, Kvanndalen, Silåmoen og Snasen nord for elva.

Grønnfjelldalen har vegsamband til E6, via ei bru om lag 3 km nord for Storforshei.

Næringsgrunnlaget i Grønfjelldalen er tufta på jord- og skogbruk.

Grønfjelldalen hadde inntil 2007 ein skole som òg fungerte som grendehus. Natt til 3. mars 2007 brann likevel denne ned til grunnen.[1]

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Statistisk Sentralbyrå (SSB) oppgir følgjande folketal for Grønfjelldalen:

År Folketal
1998 135
2000 126
2001 127
2002 130
2003 126
2004 128
2005 137
2006 125
2007 119

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rana Blad: «Vil kjempe for ny skole», 5. mars 2007

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Norges geologiske undersøkelse: Grønfjelldalen. Forekomst nr.48 i Rana (1833) kommune, Malmdatabasen 8. februar 2000